Elsk!

Elsk!

Strøtankar om å gå gjennom eld og vatn, og om å elske seg sjølv og andre.

I niande klasse trudde eg at eg elska. Opptil fleire gongar, opptil fleire personar. Litt flaut å tenkje på no, eigentlig. Ein dag på vidaregåande hadde eg skjønt nok om det å elske til å åtvare den forelska kameraten min mot å nytte orda ”eg elskar deg” når han prata med kjærasten sin på telefonen. Han slang orda rundt liksom regndropene ausa ned kring oss på internat-trappa. Eg tok han til sides på trappa. Veit du kva det er å elske, spurde eg han når han hadde lagt på røyret. Han visste ikkje det, og ikkje visste eg det heller i regnet. Han nytta ikkje dei orda etterpå, fortalde han meg seinare. Og eg har lurt litt på korleis kjærasten tok det, men aldri spurd. Dei er dessutan ikkje saman lenger. Men vi skjønte i alle høve at det å elske, det var stort. Større enn våre post-pubertale hovud kunne femne om.

Forelsking. Det er den kjærleiken som får deg til å rope at: eg går gjennom eld og vatn for deg!, og i enkelte tilfelle får den forelska til å gå omvegar og til å bytte buss, kanskje er du der? Eller av og til; eg ventar ein halv time ekstra for å ta bussen klokka 17 fordi eg ein gong møtte deg på akkurat den bussen, riktig nok går bussen kvart femte minutt, men det var i femtida, og det kan vere du er eit vanemenneske og eg kan møte deg der, og det som kjem til å skje dersom eg møter deg er at du frir der eg står til knes i eld og vatn.

Kven skapte utsegna eg tek som sanningar?

Riven med og oppmuntra av kanskje omtrent alle som er rundt deg som seier; du er så forelska! Du går gjennom eld og VATN for han, eg ser du ser på han, seier dei. Eg raudnar og ristar på hovudet. Eg må heim og lage ein song i moll, med fryktelege kryptiske tekstar som berre eg skjønar. Eg er ikkje god nok, eg er ikkje bra nok, eg burde hatt blondt hår litt rufsete oppsett i breidt hekla panneband, kvifor er ikkje eg slik? Sjølvsagt ikkje vannfaste argument. Eller? Kven skapte utsegna eg tek som sanningar?

Ei sanning e g har sagt til meg sjølv, som eg framleis må fjerne, er at eg ikkje er bra nok som eg er. Kroppen min, veremåten min, ting eg seier, måten eg reagerer, det eg presterer, eller det eg let vere å prestere. Alt har vore gale, og ofte er det gale i mine auge framleis. Eg trur vi er fleire som har det slik. Her ein kveld såg eg på eit program frå Tangerudbakken på fjernsynet. Her møter vi psykisk utviklingshemma menneske, som bur i eit burettslag i Oslo. Olav Grimdalen forklarer seg sjølv på denne måten: ”Høyre arm er litt kortere enn venstre arm. Det samme er det med føttene. Jeg har en skade i venstre hjernehalvdel, så den er litt treigere. Jeg har blitt mobba for det. Men man er jo blitt så sterk,” sier Grimdalen. ”Jeg trives med den jeg er. Det har jeg har respektert for mange år siden.”

Er det respektlaust ovanfor vår Herre å ikkje ville godta og seie at jo, det er godt nok å vere den du skapte meg til å vere

Er vi respektlause , fordi vi ikkje tek Guds dyre skaparverk som vi får det? Er det respektlaust ovanfor vår Herre å ikkje ville godta og seie at jo, det er godt nok å vere den du skapte meg til å vere. Kjenslene av å ikkje vere god nok, å ikkje strekkje til, dei er der for alle. Men så kjem då den kjærleiken som er større enn dei største kjenslene vi måtte ha. Gong på gong må vi sjå kor høgt Gud har elska oss, og kor mykje vi då skuldar å elske hans skapning, og hans skapning, det er oss. Ikkje fordi vi må, men fordi den konsekvensen kjem. Det klarar ikkje eg forklare, men eg veit at elskar vi oss sjølve, kan vi og klare å elske andre. Du skal elske din neste som deg sjølv. Og viktigast; vi klarer elske oss sjølve fordi vi finn vår identitet i at Gud elska oss så høgt at han gav sin son på krossen for oss. Det trur eg. Alt fell attende på det. Guds kjærleik til oss, som gjev oss den største gåva – frelse, evig liv.

Ein annan bebuar frå Tangerudbakken burettslag, Hege Anette, sa det på denne måten; ”Jeg vil at mennesker skal møte meg med respekt. Også vil jeg de skal tenke på hvordan det er å være annerledes skapt.” Det er ikkje berre Hege Anette, og dei som har ei definert utviklingshemming, som er annleis skapt. For vi er alle annleis skapt. Ingen er prototyp og kloner, vi er skapt annleis, skapt til å vere levande, eigne individuelle individ, skapt til å elske kvarandre og oss sjølve. Og vi er elska. Og skapt til å elske Gud. Vi elskar, fordi han, Jesus, elska oss først.

Foto:suchitra prints på flickr.com

 

 

Tema

Tema ifebruar er Elske.