Det himmelske korslaget

Det himmelske korslaget

Blir vi til englar når vi døyr?

Dei blir omtalt  i klissete popsongar, blir brukt som motiv på puter og maleri, er gjerne litt lubne, kan fly, har gjerne pil og boge, flyt rundt på rosa skyer, og kan spele harpe. Eg snakkar sjølvsagt om englar. Desse skapningane er omtalt frå første til siste bok i Bibelen i ulike samanhengar. Kven er desse englane, og kva funksjon har dei? Stemmer det at menneske blir til englar når dei døyr?

Ånder som tjener Gud

Dersom ein søker  på «engel» og «englar» på bibel.no får ein til saman 171 treff. Englar er med andre ord sentrale i Bibelen. Det står lite om kroppsfasong og rosa skyer, men ein kan til dømes lese om dei ulike funksjonane englane har. I Hebrearbrevet 1,14 kan vi lese at englar er «ånder som tener Gud og som blir utsende for å hjelpe dei som skal få frelsa i arv». Gud har mykje å gjere, så eg forstår godt at han kan trenge nokre hjelpande hender innimellom.

I Salme 91,11-12  kan vi lese dette: «For han skal gje englane sine påbod om å verna deg på alle dine vegar. Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten mot nokon stein». Uttykket «reddande engel» har med andre ord ikkje oppstått tilfeldig.

Fleire plassar kan  vi lese at englane kjem ned på jorda for å formidle viktige meldingar frå Gud. Engelen Gabriel viste seg for både Josef og Maria før Jesus blei fødd. Godt var det, for Josef hadde tenkt å skilje seg frå Maria fordi han trudde ho hadde blitt gravid med ein annan mann. Ved hjelp av engelen vart dette avverga, og Maria og Josef vart foreldre for Jesus slik Gud hadde planlagt det.

«Det himmelske korslaget

At vi skal  bli englar når vi kjem til himmelen står det heller lite om i Bibelen. Mykje av det vi tenkjer om englar er nok skapt i film, bøker og historier. Men på ein måte skal vi likne litt på englane når vi døyr. I Johannes openberring kan vi lese mektige skildringar av korleis englane utan stans, dag og natt, lovar og prisar Gud. For meg blir det eit sterkt bilete på kor heilag Gud er, ja, så heilag at han er verdig å få all lov og pris. Og vi skal få ta del i denne lovprisinga når vi som er Guds barn ein gong kjem til Himmelen. Lovsongane vi har sunge her på jorda vil nok bleikne fort når vi skal få ta del i det store koret. Vi skal få prise Gud og gje han all takk for alt han har gjort, for at han frelste oss og har ført oss heilt fram til der vi eigentleg høyrer heime – i Himmelen. Eg gler meg til dette himmelske korslaget.

Ill.foto:  © velazquez – Fotolia.com