Dersom ingen går

Dersom ingen går

Vegvalg i livet går ikkje utan konsekvensar

Om Etiopia:

NLM har drive arbeid i Etiopia sidan 1948. Trykk her for å lese meir om dette misjonslandet.


Av og til  kan ein tenkje at dei vala ein tar i løpet av eit liv berre går ut over ein sjølv. Det kan vere lett å tenkje at ”dette er mitt liv”, og at ein med dette har rett til å leve utan å måtte tenkje på kva konsekvensar dette kan få for andre.

For eilita  veke sidan kom eg tilbake frå ein tur til Etiopia. Eg var der for å besøke nokre vener og får å få oppleve Afrika, eit kontinent eg aldri hadde vore på før. Folk hadde sagt til meg at det kom til å vere veldig annleis frå Noreg, og det var eg for så vidt innstilt på. Det var mykje fattigdom og naud, noko som gjekk sterkt inn på meg.

Eg møttemenneske frå heile verdasomhadde tatt radikale vegval i livet

Men det var  noko anna som slo meg enda meir, og det var dei som faktisk var der for å hjelpe. Eg møtte folk frå mellom anna Korea, Sveits, Noreg og Etiopia som hadde flytta til Addis Ababa (hovudstaden i Etiopia) for å jobbe med menneske i naud.

Eg møtte legar  som sikkert kunne fått ei saftig lønning på eit anna sjukehus, eg såg sjukepleiarar som hadde reist verda rundt for å jobbe frivillig nokre månader. Tenk kva som kunne ha skjedd med pasientane på sjukehuset dersom ingen hadde kome for å jobbe?

Kven skulle då  transplantert ny hud på barnet som hadde brent seg på bålet? Kven skulle skifta bandasje på såret til mannen som hadde vore i trafikkulykke?

Kva hadde skjedd dersom desse menneska ikkje hadde vore villige til å reise?

Eg møtte ei  dame frå Sveits som hadde flytta ned til Etiopia som 20-åring berre fordi ho hadde høyrt at det var bruk for ho der. No jobba ho med handicappa og blinde barn, og var med på å gje dei ei framtid. Tenk kva som kunne ha skjedd med dei dersom denne dama ikkje hadde tatt valet om å flytte?

Eg var på  eit bønemøte saman med ein del av dei norske misjonærane i Etiopia. Dei fortalte om arbeid inn mot område der 99,8% av befolkninga var muslimar, menneske som aldri hadde høyrt evangeliet. Tenk om ikkje desse misjonærane hadde sagt seg villige til å reise ned! Kven skulle då fortalt dei om Jesus?

Kvar den som kallar påHerrens namn, skal bli frelst

Bibelen seier noko  om akkurat dette i Romarbrevet 10,13-15:

Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.

Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på?

Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om?

Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner?

Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende?

Som det står skrive: Kor vakre dei er, føtene til dei som kjem med gledebod!

Korleis kan dei tru på ein dei ikkje har høyrt om?

Dette er alvorlege  og sanne ord til alle oss som trur på Jesus. Vi er kalla til å hjelpe menneske både med det andelege (fortelje dei om Jesus) og det kroppslege (hjelpe sjuke, dei som svelt og har det vanskeleg).

Kvar trur du  Gud vil ha deg i livet? Kva planar kan ligge framfor deg i livet? Korleis kan du hjelpe menneske som er i naud? Er du villig til å gå der Gud kallar deg?

Kor vakre dei  er, føtene til dei som kjem med gledebod!

Ill.foto:  GoogleMaps