UP Tilbake
Den eg eigentleg er

Den eg eigentleg er

Av og til kan det vere vanskeleg å vite om ein verkeleg er seg sjølv

Tema:

Tema for oktober er ekte.


Det å vere  ekte er eit tema som har gått igjen på iTro denne månaden. Det høyres fint ut å vere ekte, men det kan av og til vere vanskeleg å heilt forstå kva dette handlar om.

Dette kjem mellom  anna av at vi alle er så ulike. Vi har ulike måtar å ordlegge oss på, ulike måtar å framstille oss sjølv på, og ulike måtar å møte andre på.

Nokre har ein tendens til å gå rundt og late som om alt er fint

Nokre personar har  ein tendens til å gå rundt og late som om alt er fint, heilt til dei eksploderer og fortel om alt som er gale i livet. Desse menneska er kanskje først ekte når dei har slike ”utblåsningar”, medan resten av tida går med på å undertrykke kjensler og tankar.

Desse treng kanskje  å øve på å vere litt meir ekte resten av tida òg. Til dømes ved å akseptere kjenslene som kjem opp i ulike situasjonar, og våge å ta desse på alvor.

Éin ting er sikkert: Ein kan aldri vere alle til lags

Andre menneske kan  vere usikre på korleis andre forventar at ein skal vere ekte, og blir gåande rundt og til dømes beklage seg eller gruble mykje over situasjonar. Slike personar treng kanskje litt rettleiing til å finne ut kven dei faktisk er når dei er ekte, og fokusere mindre på kva alle andre forventar.

For éin ting  er sikkert: Ein kan aldri vere alle til lags. Nokre vil like den du er, andre vil like deg mindre. Sånn er livet. Dette viser igjen kor viktig det er å ha ein trygg base i seg sjølv. Kunne vite noko om kven ein er, og kunne finne fram dei gode ressursane vi alle har i oss.

Nokre menneske er kanskje litt for ekte

Nokre menneske er  kanskje litt for ekte. Med dette meiner eg at dei kan ha ein tendens til å vere seg sjølv, ikkje berre 100%, men gjerne 150%. Alle skal få vite om problema deira, og gjerne den usensurerte versjonen. Ingen ting er skjult, alle veit alt. Det er for så vidt ein god ting å vere open, men ein gjer seg veldig sårbar når ein er open med alt om alle.

Kanskje kan det  vere lurt å spare dei mest sårbare opplysningane om deg til dei du veit du kan stole på. Det kan få kjipe konsekvensar dersom du legg livet ditt i feil hender. Finn deg nokre vener, venninner, familiemedlem etc. som du stolar på, og la desse bli din inste sirkel. Så får heller andre nøye seg med ein kortversjon. Du er viktig, og livet ditt er viktig, så del det med dei som vil deg vel.

Kjente du att deg sjølv eller nokon andre i denne teksten?

Kjente du att  deg sjølv eller nokon andre i denne teksten? Kanskje kjente du deg att i fleire av døma eg presenterte. Ingen passar 100% inn i ein av båsane, og det er mange andre båsar eg kunne presentert.

Poenget er at  det av og til kan vere lurt å reflektere litt over kven ein er i møte med andre, og kven ein mot seg sjølv. Tør du å ta deg sjølv på alvor, med dei kjenslene du sit inne med? Tar du andre på alvor når dei kjem med sine tankar? Er du usikker på om du strekk til? Er det situasjonar i livet der du kanskje skal vere litt meir tilbakehalden med informasjonen om deg sjølv?

Det handlarikkje om å finne den perfekte versjonen av deg sjølv

Samtal gjerne om  dette temaet saman med vener, i bibelgruppe eller med familien din. Kanskje kan du få nokre svar, eller litt hjelp til å finne den ekte deg, og korleis du kan la denne ekte versjonen skine gjennom i livet ditt. Det handlar ikkje om å finne den perfekte versjonen av deg, men å finne ein tryggleik i seg sjølv. Det treng vi nemleg alle i livet.

PS: Det er spanande å bli kjent med seg sjølv! Lykke til! 

Ill.foto:  © strixcode – Fotolia.com

Siste fra hver kategori