Den avgjerande dagen

Den avgjerande dagen

Dagen eg begynte å lese i Bibelen blei livet mitt totalt forvandla.

Les om kva som skjedde då Astrid (24) begynte å lese i Bibelen.

 
Eg hugsar godt  dagen eg begynte å lese i Bibelen. Eg gjekk i andre klasse på Sygna (2006), og sat ved skrivepulten. Eigentleg skulle eg lese til ein geografiprøve, men av alle ting hadde eg meir lyst til å lese litt i Bibelen.

 

Det var ikkje  slik at eg aldri hadde lest i Bibelen min før. Den låg som oftast på nattbordet mitt, og hadde gjort det i mange år, men kanskje mest som pynt. I dag skulle det bli annleis. Eg tok opp Bibelen, og slo opp i Paulus sitt brev til Romarane, ei bok eg hadde fått anbefalt.

 

Dei første kapitla  gjekk ganske raskt å lese. Det skulle kanskje rørt veldig ved meg, men eg følte i grunn at eg hadde høyrt alt dette før. Mykje av det var litt vanskeleg å forstå òg. Men så kom eg til kapittel 10, til følgjande avsnitt:

 

Kvar den som  kallar på Herrens namn, skal bli frelst. Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner? Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende? Som det står skrive: Kor vakre dei er, føtene til dei som kjem med gledebod!

 

Egforsto ikkje alt eg las, men det rørte sterkt ved meg likevel

 

Eg forsto ikkje alt eg las, men det rørte sterkt ved meg likevel. Det var nesten som ein liten panikk i hjartet mitt. For kven? Jo, for alle dei som ikkje hadde fått høyre om Jesus. Og eg tenkte ikkje først og fremst på dei i land langt vekke, men dei eg gjekk i klasse med, venene mine som ikkje kjente Jesus.

 

For første gong  kjente eg på det som i «gamledagar» vart kalla nøden. Til no hadde kristenlivet mitt berre handla om meg, og om korleis mitt forhold til Gud var. Eller, eg var vel strengt tatt mest opptatt av at andre skulle tenke at eg var ein god kristen, uavhengig av korleis det eigentleg sto til mellom meg og Gud. No vart det annleis. No vart det viktig for meg, eg fekk ein nød for, at andre måtte få høyre om Jesus.

 

Opplevinga eg fekk  med Bibelen, med Guds ord denne vårdagen, har prega meg sidan. Møtet med kalletom å vinne menneske for Jesus har sidan vore med på å prege både store og små val i livet mitt.

 

Opplevinga eg fekk med Bibelen denne vårdagen, har prega meg sidan

 

Eg kan med  stor sikkerheit seie at det gjorde ein skilnad for livet mitt at eg plukka opp Bibelen den vårdagen i 2006. Gjennom Bibelen blei det sådd ein tanke, eit ønske, som har vore viktig for meg sidan, og som eg trur og håpar kjem til å vere viktig livet ut.

 

Eg vil til  slutt berre seie at det er spanande å følgje når Gud kallar. Om fem månader flyttar eg til Lofoten for å jobbe og vere med i menighetsarbeid. Hadde nokon sagt dette til meg for sju år sidan, hadde eg ledd og sagt at det kom aldri til å skje. No gler eg meg berre, og eg kan vere trygg, for Gud har kontroll.

Ill.foto:  John Olav Selstø