Avgudsdyrkelse å be til Jesus?

Avgudsdyrkelse å be til Jesus?

Eg lurar på kvifor en skal be til Jesus. Eg snakkar sjølv med han, men er det ikkje avgudsdyrkelse om eg ber til Jesus slik eg ber til Gud?

Spørsmål og svar

Lurer du på noe? Send inn spørsmålet ditt til iTro@nlm.no, eller på facebooksida vår. Eller kanskje finner du svar i Spørsmål og Svar-spalten vår.

Yngve Litleskare Leine er ungdomsleder i Salem ung i Stavanger.

Eg lurar på kvifor en skal be til Jesus. Eg snakkar sjølv med han, men er det ikkje avgudsdyrkelse om eg ber til Jesus slik eg ber til Gud?  

Og kvifor kallar dei Jesus for «Herre», er det ikkje Gud som er Herren? Kva betyr «amen»? Skal eg avslutta samtalen med Jesus med «amen»?

«Det ser ut til at den vanlege formuleringa i Bibelen er å be til Faderen, i Jesu namn»

Å vere ein kristen er å tru på Jesus og å tru på hans ord. I Bibelen blir vi oppfordra til å be «i Jesu namn», for eksempel seier Jesus det sjølv i Joh 14,13-14. Du har rett i at å be til Jesus hadde vore avgudsdyrkelse – dersom Jesus ikkje var Gud. Men å tru på Jesus er jo nettopp å tru at han er Gud. Jesus sa sjølv at «eg og Faderen er eitt» (Joh 10,31).

Du har kanskje støtt på begrepet «treenighet»? Det er ikkje eit ord frå Bibelen, men det er eit ord som blir brukt om ein fullstendig bibelsk tanke. Det går i korte trekk ut på at det finst éin Gud, men at det er tre personar i Gud – Faderen, Sønnen og Ånden.

Dette høres nok litt rart ut, men saken er den at det er slik Bibelen omtaler både Faderen, Sønnen og Ånden – alle blir omtalt som Gud, men likevel som éin. Det ser ut til at den vanlege formuleringa i Bibelen er å be til Faderen, i Jesu namn. Men sidan dei tre personane er like mykje Gud, kan vi be til kvar av dei me måtte ønske, og likevel be til Gud.

Les mer: Om treenigheten

«Den eldste kristne trusbekjennelsen seier nettopp dette: «Jesus Kristus er Herre»»

Du har heilt rett at «Herren» er ein tittel som er knytt til Faderen. Guds namn var for jødane så hellig at dei knapt turte å uttale det ein gong. Derfor sa dei heller «Herren» enn å komme i skade for å misbruke Guds namn, og ordet blei etterkvart synonymt med «Gud».

Men ein spennande sak er at kanskje den eldste og enklaste kristne trusbekjennelse vi kjenner til var å kunne seie nettopp dette: «Jesus Kristus er Herre» (Fil 2,9-11). Her kjem igjen treenighetstanken fram – Jesus er Gud, og han og Faderen er eitt!

«Å avrunde bøner med «amen» er å understreke at det ein har bedt om er ærlig, rett og sant»

Då eg var liten tenkte eg at når eg sa «amen», var det som om eg la på ein telefonsamtale og forbindelsen blei brutt. Slik er det heldigvis ikkje!

«Amen» er eigentleg hebraisk, og betyr noko sånt som «la det stå fast» eller «slik er det» eller «dette er sant» eller noko liknande. Når Jesus sier «sanneleg seier eg dykk…» (for eksempel i Matt 5,18), står det på grunnteksten: «Amen, seier eg dykk…». Ordet blir brukt for å understreke truverdet i det som blir sagt. Jesus blir også omtalt som «han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet…» i Joh Op 3,14. Legg merke til at «trufast» og «sannferdig» blir brukt sammen med «amen» – det seier noko om betydninga.

«Amen» har fra den tidlige kristne tid blitt brukt som avslutting på bøner og tilbeding, sjølv om det ikkje blir sagt i Bibelen at ein skal det. Den siste bøna i Bibelen begynner faktisk med «amen»! (Joh Op 22,20). Men tanken med å avrunde bøner med «amen» er vel at ein ved å seie det vil understreke at det ein har bedt om er ærlig, rett og sant.

Ver frimodig i bønn til den treenige Gud!

Les mer: Hvem skal vi be til?

Spørsmål og svar

Lurer du på noe? Send inn spørsmålet ditt til iTro@nlm.no, eller på facebooksida vår. Eller kanskje finner du svar i Spørsmål og Svar-spalten vår.

Yngve Litleskare Leine er ungdomsleder i Salem ung i Stavanger.