Kor var du, Gud?

Kor var du, Gud?

Då Hanna Aasbø (18) opplevde sjukdom, tvilte ho på om Gud var med, men i ettertid har ho sett at ho ikkje var åleine.

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.

Eit spørsmål mange kristne har stilt seg gjennom livet, inkludert meg sjølv. Eg har vore ein kristen heile livet, noko som har vore prega av både opp- og nedturar.

Sjukdomsperiode

Det var særleg ein lengre sjukdomsperiode som verkeleg fekk meg til å tvile på om Gud faktisk var med meg. Då var det spesielt eit bibelvers som var viktig for meg. Det står skrive i Josva 1,9:

Ver modig og sterk, og mist ikkje motet. For Herren din Gud er med deg overalt der du går. (Jos 1,9)

Dette er ord Gud deler med Josva etter han fekk bodet om å leie israelittane til landet sitt, og ta over etter Moses. Ei veldig stor oppgåve, som måtte ha vore overveldane for Josva, men kva betyr desse orda for oss i dag?

Å tvile på Gud

Som kristne i dag kan det vere vanskeleg å sette seg inn i situasjonen til Josva, men vi kan ôg møte ting i livet som kjennest heilt uoverkommeleg og overveldande. Det kan vere sjukdom, familieproblem, angst, depresjon og mykje anna.

Gud seier ikkje at det skal bli enkelt

Når vi blir sett i situasjonar som dette kan vi fort byrje å tvile på Gud. Kvifor er han villig til å la dette skje med meg?

Utfordringar i tru

Vi ser i starten av verset at Gud seier “Ver modig og sterk, og mist ikkje motet.” Gud seier ikkje at det skal bli enkelt, eller at vi skal kunne gå igjennom livet som kristne utan nedturar eller utfordringar.

Når vi opplever tyngre periodar kan det vere lett å tenkje at Gud har gløymt oss, og vi kan fort kjenne oss veldig åleine

I dagens samfunn som kristne vil vi møte folk som ikkje er einige i det vi trur på, folk som ikkje ønsker at kristendommen skal spreiast vidare og folk som stiller spørsmål om trua vår som kan vere vanskeleg å svare på.

Gud har ikkje gløymt oss

Når vi opplever tyngre periodar kan det vere lett å tenkje at Gud har gløymt oss, og vi kan fort kjenne oss veldig åleine. er det viktig å hugse på kva Gud har sagt oss, at vi ikkje er åleine.

Det tek meg vidare til slutten av verset. “For Herren din Gud er med deg overalt der du går”. Når vi veit at Gud alltid er med oss er det på mange måtar lettare å vere modig, sterk og å ikkje miste motet.

Når ein ser tilbake på periodar som dette kan ein sjå at Gud var med heile tida. Dette kan vere fort gjort å gløyme, og då er Josva 1,9 ei fin påminning på at Gud aldri sa at det skulle bli enkelt, men at han skulle vere med oss heile vegen, gjennom både opp- og nedturar.

Privat

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.