Judas’ påske

Judas’ påske

Judas kunne fått nåde, men kom aldri tilbake for å ta imot nåden.

Bibelske personar

Kvar dag denne påska vil vi fortelje om påskebodskapen ved å ta utgangspunkt i ulike bibelske personar.

Les om andre bibelske personar her.


I det siste  hadde det vore litt rot med pengane som gjekk inn og ut av felleskassa til Jesus og læresveinane. Det nærma seg påske, og pengar hadde sporlaust forsvunne. Dei fleste spora leia fram til at Judas, kasseraren, var den skuldige.

Judas hadde nemleg  byrja å bli ganske så opptatt av pengar i det siste – på kanten til gjerrig. Han var snar med å kjefte når han meinte at andre sløste vekk pengane, og var opptatt av at ingen ting skulle gå til spille. Då Maria salva Jesu sine føter for å vise takksemd og kjærleik, fnyste han berre og sa at pengane heller skulle bli brukt til dei fattige. Men det var ikkje mykje omsorg bak dette forslaget. Eigentleg hadde han berre lyst til å ta pengane sjølv.

Judas Isakriot hadde levd saman med Jesus i fleire år. Han hadde sett store teikn og under. Han hadde sett sjuke bli friske, døde stå opp frå grava, blinde som fekk synet, og korleis Jesus kunne gjere om to fiskar og fem brød til eit måltid som metta mange tusen menneske.

Judas hadde sett store under. Likevel var det berre éin ting som sto i hovudet på han

Likevel var det  berre éin ting som sto i hovudet på Judas: Han ville ha meir, meir og atter meir. Han ville bli rik på pengar. Han hadde sakte, men sikkert blitt ein tjuv, og i løpet av dei neste dagane skulle han i tillegg bli ein forrædar.

For 30 sølvpengar  selde Judas informasjon til jødane som var ute etter Jesus om kvar dei kunne finne han og ta han til fange. Etterpå angra Judas bittert, og prøvde å levere tilbake pengane til jødane, kanskje for å lette litt på kjensla av skuld. Dei lo nok berre litt av han, for det som var gjort, var gjort. Historia ender tragisk med at Judas i desperasjon tar livet sitt.

Det som starta uskyldig, vart til ein enorm katastrofe

Det som sikke rt  byrja med eit lite, uskyldig ønske om å eige litt meir enn han gjorde, førte til at Judas for evig blir hugsa som ein svikar. Men kvifor kom han ikkje tilbake til Jesus? Betalte ikkje Jesus for Judas sine synder òg?

Jesus betalte for  alt, gjorde opp for alt. Han gjorde opp alle sine synder, inkludert Judas sine. Spørsmålet er aldri om Jesus har betalt, men om vi vil ta imot nåden. Peter, ein annan læresvein som sveik Jesus, vendte tilbake til Jesus og gjorde opp for seg. Judas valde å ikkje gjere dette.

Jesus gjorde opp for alle synder,inkludert Judas sine

Vi er skapt  med ein fri vilje tilå vende oss mot Jesus eller frå Jesus. Judas vendte seg frå Jesus, men ikkje tilbake til han. Eg håpar historia om Judas si påske kan minne oss på moglegheita til å alltid kunne vende tilbake til Jesus når vi har gjort noko gale, uansett kva det er. For prisen er allereie betalt. Alt vi treng gjere er å bekjenne og ta imot nåden.

Seier vi at  vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss. Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd (1. Joh 1,8-9). For høg som himmelen er over jorda, så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han (Salme 103,11).

Ill.foto: joshliba on flickr