Jesu påske

Jesu påske

Jesus visste alt som skulle skje - og gjorde det likevel. 

Serie

Denne påska har vi tatt for oss ulike personar sin mulige opplevelse av påsken da Jesus døde for våre synder og seiret over døden.

Det må ha  vore ei spesiell kjensle – det å vite. Vite alt kva som kjem til å skje. For det var nettopp dette som var spesielt med påska for Jesus. Han visste. Då han reid inn i Jerusalem, hylla som ein konge, visste han om alt som låg føre han.

Han visste kva  som kom til å skje på skjærtorsdag. Han visste at Judas kom til å svike han, og at Peter kom til å fornekte han. Han visste at læresveinane kom til å sovne i Getsemane, medan han sjølv sat og ba i eit tilvære fylt av ein angst større enn noko anna menneske har opplevd.

Han visste at  han skulle få tallause falske klagemål mot seg. Det må ha vore over måte freistande å seie imot, stå opp for det han visste var sanning. Men han opna ikkje munnen sin mot nokon. Han valde å teie.

«Han visste at han kom til å bli totalt overlaten til seg sjølv, avstengt frå sin eigen Far

Jesus visste òg  om piskeslaga som skulle kome. Han visste om slaga, om blodet, om dei enorme smertene. Han visste at han måtte bere den tunge, tunge krossen den lange vegen opp mot Golgata. Det må ha vore ei blanda kjensle av å ønskje at vegen snart måtte vere over, samstundes som han ikkje hadde lyst til å kome fram.

Jesus visste at  han kom til å bli forlaten av Gud. Han visste at han kom til å bli totalt overlaten til seg sjølv, avstengt frå sin eigen Far. Og desse smertene kom kombinert med ufattelege fysiske smerter – ein kropp som hang etter naglar gjennom hender og føter.

«Men meir ennalt visste Jesus dette: Hanvillegå gjennom alt dette

Men meir enn  alt visste Jesus dette: Han ville gå gjennom alt dette. For han ville meir enn noko anna opne vegen mellom Gud og menneske. Han visste at han var den einaste som kunne gjere dette, og valde difor å gjere det. Eit val tatt i rein kjærleik.

Då Jesus gjekk  opp mot Golgata visste han at han bar syndene til menneske som aldri kom til å tru på han, til menneske som kom til å fornekte han og spotte han. Men han gjekk likevel. For å frelse akkurat deg. Fordi han elskar akkurat deg.

Og etter tre  dagar i grava sto han opp igjen, på denne dagen for om lag 2000 år sidan. Døden hadde ikkje makt til å halde på han. Det same gjeld dei som tar imot Jesu frelsesverk. Då er det nåden som rår, og ein evig straum av Guds kjærleik.

F or eg er  viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt,verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre (Rom 8,38-39).

Ill.foto: CJillReed on flickr