Gladkristen på internatskule
– I ei verd fylt av vondt skal vi vere til håp og oppmuntring som Jesu disiplar, oppfordrar Andreas Lothe (18) i dagens andakt.
No er eg komen godt inn i mitt siste år på Vestborg vidaregåande skule, ein kristen internatskule på Stranda. Dei siste to åra har vore dei beste i livet mitt, og eg har fått vekse utruleg mykje både som menneske og som Jesu etterfølgjar.
Det har vore veldig komfortabelt å leve i denne “bobla” kor trua har vore ein veldig naturleg del av kvardagen.
Trua skal prøvast
I 1. Peter 1,7 står det:
Slik blir trua dykkar prøvd. For når til og med forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua prøvast, den som er så mykje meir verd, så ho kan bli til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg. (1 Pet 1,7)
Vi er ikkje lova eit enkelt liv, men her står det at for at trua skal nå sitt maksimale potensial må den prøvast. Vi må møte kritiske spørsmål som får oss til å tenkje, og kanskje oppsøke situasjonar der det ikkje er andre truande.
Ut av «kristenbobla»
Ein skulegang på ein kristen friskule er veldig kjekt for å kunne vekse i tru, og leggje eit godt fundament for livet vidare, men det er ikkje slik resten av livet kjem til å vere.
Kvardagen og fritida på ein offentleg vidaregåande skule, universitet eller generelt i livet er ganske annleis enn den trygge “kristen-bobla”.
Nokre år for å byggje eit godt fundament kan vere veldig nyttig for fleire, men vi kan ikkje leve liva våre skjerma frå resten av samfunnet.
Lys og salt
I bergpreika kallar Jesus oss til å vere lys og salt i verda. I ei verd fylt av vondt skal vi vere til håp og oppmuntring som Jesu disiplar. Det står i Matteus 5, 14–16:
De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen! (Matt 5, 14-16)
For å byggje Guds rike må vi omgåast ikkje-kristne for å spreie den gode bodskapen, difor er det at vi både har kristne og ikkje-kristne vennar. Skular og arbeidsplassar er gode eksempel på arenaer der vi treff ulike menneske.
Det er utruleg verdifullt å kunne få bruke tid på å utforske kva ein faktisk trur på
Stol på Gud
Personleg har det vore til stor nytte å kunne vekse som kristen i det trygge miljøet eg har vore i no. Forstå meg rett, alle kristne har godt av eit trygt kristent felleskap, men det treng ikkje vere heile skulen.
Det er utruleg verdifullt å kunne få bruke tid på å utforske kva ein faktisk trur på, og mange, inkludert meg sjølv, har stor nytte av tid på ein internatskule. Om ein har eit godt fundament for trua si er det mykje lettare å fortelje om trua si vidare i livet.
Stol på Gud, oppsøk situasjonar der du kan vere eit lys og ver frimodig!