Frelst = Glad ?

Frelst = Glad ?

- Jeg ser på meg selv som kristen, men er ofte deprimert. Vil det da si at jeg ikke er frelst?

Spørsmål & svar

Svaret er skrevet av Gry Harkestad

Lurer du på noe? Send inn et spørsmål til oss på iTro@nlm.no eller bruk skjemaet på forsida av iTro.

– En kamerat mener at hvis man er glad, så er det et tegn på at man er frelst. Jeg ser på meg selv som kristen, men er ofte deprimert. Vil det da si at jeg ikke er frelst? Han sier også at selvmord er synd, selv tanken på det. 

/Forvirret 

Kjære ”Forvirret”!

Eg hugsar at eg var på eit ungdomstreff ein gong. Heile helga vart det snakka om kor bra alt var, kor topp det var å vere kristen, alt var berre ”der oppe”. Veit du, eg kjende meg så elendig, for eg hadde det slett ikkje slik inne i meg! Akkurat då var det ikkje topp å vere kristen. Eg gløymer aldri korleis helga vart avslutta. Ei jente hadde eit vitnesbyrd der ho fortalde at naboen hennar, ei ung, frisk kvinne, nettopp hadde døydd. No hadde denne jenta vanskeleg for å tru på Gud. Korleis kunne han tillate slikt? Likevel ville ho tru på Han, og ho kjende at Han var med.

Berre les i Salmane og sjå korleis David hadde det!

I Bibelen vår finn me både Høgsongen og Klagesongane, me finn flotte lovsongssalmar og tunge klagesalmar. Ikkje fordi Gud er skiftande, men fordi me menneske er ”verka på skremmande underfull vis”. (Salme 139, 14) Me er skapt som menneske, med eit rikt kjensleliv. Nokre gonger er me glade og takksame, medan me andre gonger er deprimerte og såra. Berre les i Salmane og sjå korleis David hadde det! Dette veit Gud, det er jo han som har skapt oss! Difor kjem ikkje vår frelse an på korleis me er og korleis me kjenner oss, men på kven Jesus er og kva han har gjort.

I Bibelen vår finn me både Høgsongen og Klagesongane, me finn flotte lovsongssalmar og tunge klagesalmar.

I 1. Joh. 5, 12 står det: ”Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.” Eg har mange gonger takka Gud for at det ikkje står: ”Den som kjenner at han har Sonen, eller den som er glad over å ha Sonen, den som er takksam for å ha sonen, den har livet.” Det står berre den som har Sonen, han har livet.

Når det gjeld spørsmålet ditt om sjølvmord, så vil eg først seie at ja, sjølvmord er synd. Det 5. bodet seier at ein ikkje skal slå i hel, verken andre eller oss sjølve. Du spør om berre tanken på det er synd, til det òg vil eg svara ja. For dei fleste av oss er det med tankelivet vårt at me syndar mest, me tenkjer ulike syndige tankar om oss sjølve og om andre. I syndevedkjenninga bed me: ”Sjå i nåde til meg, syndige menneske, som har krenka deg med tankar, ord og gjerningar.”

Til sist har eg lyst å seie deg at du er ikkje eit frykteleg menneske som er som du er. Du skal få lov å be ei bøn til Jesus, og seie: ”Dette er meg, slik er eg. Kan du bruka meg?” Det er ikkje noko anna Jesus vil enn at du skal kome slik du er til han. Berre slik kan han skape noko nytt i deg.
Her er nokre fine ord til trøyst, frå Jobs bok: Job 16, 19-21. Jesus går i forbøn for deg!

Lykke til vidare, løft blikket på Jesus!

Spørsmål & svar

Svaret er skrevet av Gry Harkestad

Lurer du på noe? Send inn et spørsmål til oss på iTro@nlm.no eller bruk skjemaet på forsida av iTro.