Ferdig med nåden?

Ferdig med nåden?

«Eg treng ny nåde kvar dag. Alle kristne treng ny nåde kvar dag», skriv Peter Schmidt.

Andakt

Hver søndag publiseres det en ny andakt på iTro.

«Jada, eg har vore kristen i mange år no. Nåden? Ja, den viste Gud meg då eg kom til trua. Då var eg ein synder, no er eg ein kristen. Eg treng vel ikkje meir nåde no.» 

Kan du kjenne deg igjen i ein slik tanke? Når livet med Jesus går på skinner og eg føler at ting går bra, kan det hende eg begynner å tenke sånn. Ja, takk skal Jesus ha for nåden han viste meg den gongen eg trong den, men no skal eg klare meg sjølv. 

Erfaringsmessig er dette lite berekraftig. Det veit Gud. Han veit at eg, med mine eigne krefter, aldri vil klare å leve etter hans vilje. Eg treng ei påminning om at Jesus Kristus er Herre, og at han skal kjempe for meg (2. Mos 14,14).

Etter kvart begynner eg å svikte, og omsider er eg tilbake der eg starta. Kvifor det? Jo, eg gløymde noko veldig viktig, nemleg nåden. 

Det Gud tenker om oss

Kva er nåde? Nåde er det ufortente, det vi får gratis. Det som blir gitt til oss, av Gud sin kjærleik, ved Jesus. Vi har fått alt frå Gud. Alt av nåde. Forfattaren C. F. Wisløff sa at Guds nåde handlar om det Gud tenker om oss, på grunn av Jesus. 

Nåden sitt største under er syndenes forlating. Det at Jesus døydde for å sone våre synder, slik at vi skulle kunne stå framfor den heilage Gud (Ef 5,25-27). Det som skjedde på korset er det viktigaste for ein kristen (1. Kor 2,2). Alt anna kjem i andre rekke. 

Ein ting manglar du

Ein gammal prest spurte ein gong sin unge kollega: «Veit du kva du manglar, unge mann?»

«Ja,» svarte den unge, «meir kunnskap, ei flott kone og ein lykkeleg familie.»

«Nei,» sa den gamle presten, «ein ting manglar du: kors, kors, kors.» 

Det er takka vere Jesus på korset at Gud kan tilgi oss våre synder. Syndenes forlating er så umåteleg viktig for oss menneske, for det bur ingenting godt i oss, i vårt kjøt (Rom 7,18).

Utan Jesus

Kjem vi i møte med Gud utan Jesus, er det ille ute med oss. Gud er nemleg så heilag at då to prestesøner i GT bar fram eit ugyldig offer inn i heilagdommen der Gud var, vart dei fortært av elden frå Gud (3. Mos 10,1-3).

Heldigvis gjekk Jesus ein gong for alle inn i heilagdommen og ordna vår sak med Gud. Kor fantastisk og kor viktig Jesu verk på Golgata er! Når vi ein dag skal stå framfor Gud, med vårt liv, er det berre ein ting som kan redde oss. Blodet frå Guds einborne Son. 

Aldri ferdig med nåden

Heilt i starten skreiv eg noko om at vi kan tenke oss at vi etter kvart blir litt «ferdige» med nåden? Nei! Eg treng ny nåde kvar dag. Alle kristne treng ny nåde kvar dag. Vi blir aldri ferdige med nåden! Ein slik tanke er farleg.

Ja, andre ting blir også viktige når vi veks i tru, men vi må stadig minne kvarandre om det viktigaste. Det viktigaste, som er nåden Gud viser oss, ved Jesus på korset. Den gjeld i døden og dommen.

Når Peter skulle gå på vatnet byrja han å søkke så snart han såg på seg sjølv. Slik er det også med oss: Ser vi på oss sjølv går vi tapt, men ser vi til korset vinn vi livet.

For eg hadde fastsett at eg ikkje ville vita av noko anna hos dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. (1. Kor 2,2)

Pearl

Andakt

Hver søndag publiseres det en ny andakt på iTro.