Er alle menneske like mykje verd – heilt ærleg?

Er alle menneske like mykje verd – heilt ærleg?

– Guds kjærleik rommar alle, til og med dei vi menneske har lett for å fordømme, skriv Sondre Grimstad Sukka.

Som kristne seier vi ofte at alle menneske er like mykje verd, og at Gud elskar oss ubetinga – uansett kven vi er eller kva vi har gjort.

Men kva skjer når vi faktisk møter nokon vi – eller resten av samfunnet – fordømmer eller hatar? Dei som har gjort noko frykteleg. Dei vi er djupt ueinige med. Dei som plagar, mobbar eller dømmer oss.

Klarer vi då å leve ut det vi trur på – på ein måte som gjer at også dei får kjenne på menneskeverdet og Guds kjærleik, slik vi er kalla til å vise verda?

Verdi kjem frå Gud sin kjærleik

«Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi enno var syndarar.» (Romerane 5,8)

Her ligg noko heilt sentralt: Verdi er ikkje noko vi fortener. Den kjem ikkje frå gode gjerningar, riktige meiningar eller fin personlegheit.

Verdi kjem frå Gud sin kjærleik til oss – som blei vist før vi var verdige.

Folket såg berre skuld. Jesus såg verdi.

I Johannes 8 les vi om ei kvinne som blei teken på fersken i ekteskapsbrot. Lova sa ho skulle steinast. Farisearane og dei skriftlærde ville bruke situasjonen til å sette Jesus fast. Dei spurde: Skal vi steine henne, eller ikkje?

Men Jesus svarar ikkje med ein gong. Han bøyer seg ned og skriv i sanden. Så seier han det geniale:

“Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen.”

Éin etter éin går vekk. Til slutt står berre Jesus og kvinna att. Og han seier:

“Heller ikkje eg dømmer deg.”

Folket såg berre skuld. Jesus såg verdi.

Han dømde ikkje – han gav nåde. Ei nåde som ikkje berre frikjende henne, men som kunne forvandle heile livet hennar.

Kven tenker du ikkje fortener Guds kjærleik?

Er det ein som har gjort deg vondt? Ein forbrytar? Ein som ikkje trur på Gud? Eller kanskje til og med nokon med ei diagnose eller ei anna livssituasjon du ikkje forstår?

Vi seier ofte at “Gud elskar alle,” men innerst inne kan det vere nokon vi synest ikkje fortener den kjærleiken.

Likevel stoppar ikkje Guds kjærleik ved dei som er lette å like. Han stoppar ikkje med dei som tenker likt som oss, eller som behandlar oss fint.

Guds kjærleik rommar alle – til og med dei vi menneske har lett for å fordømme. Ja, sjølv dei vi kallar dei verste forbrytarane, er elska og verdifulle i Guds auge.

Å elske der andre dømer

Det viktigaste vi som kristne kan gjere, er å vise den kjærleiken vidare – særleg til dei som blir sett ned på eller skyvd bort.

Å vise nåde der andre dømmer. Å sjå verdi der andre berre ser feil.

Det er ikkje lett. Men det er det Jesus gjorde – igjen og igjen.

Gud ser på mennesket som verdifullt, ikkje fordi vi er syndfrie eller perfekte, men fordi vi er skapt i hans bilete, frelst av hans nåde, og elska med ein kjærleik som aldri tar slutt.

Spørsmål til refleksjon:

  • Kven er det vanskeleg for deg å sjå som verdifull?
  • Kva gjer det vanskeleg? Er det handlingane deira? Personlegheita? Meiningane? Tru eller livsstil?
  • Korleis kan du i praksis vise Guds grenselause kjærleik – til dei du eigentleg ikkje synest fortener det?
Privat