Dommedag

Dommedag

Korleis det er på jorda under dommedag? Mange seier at eg kan lese om det i Johannes Åpenbaring, men det er vanskeleg å finne det når eg ikkje veit nøyaktig kvar det er. Helsing jente 14

Hei!

Bra at du kjem med spørsmål når det er noko du lurer på! Når det gjeld dommedag så står det fleire plassar i Bibelen om at Jesus ein dag skal komma igjen til jorda. Når han gjer dette skal han holda dom over alle menneske, så det er i grunn det som har med Jesu gjenkomst å gjera som me ofte kallar for dommedag.

Bibelen gjev oss nokre hint om korleis det skal vera på jorda når denne dommedagen kjem. Eg vil kort nemna tre viktige plassar for deg. For det fyrste så kan me lesa ganske masse om tida før og etter dommedag i Johannes Åpenbaring. Dette er ei bok som kan vera ganske vanskelig å forstå. Difor kan det vera eit tips å for eksempel sjekkadenne artikkelenellerdenne bokasom gjev ein god innføring i kva som er hovudtankane i Johannes Åpenbaring. Dei to andre plassane er2.Tess 2:3-12ogMatt 24.

Det skal vera ei tid der det skal vera vanskeleg å vera ein kristen

I frå desse tekstane så kan me for detførste sjå at djevelen i tida fram mot dommedag skal prøva å få flest mogleg kristne til å falla i frå. Ein som vert brukt til dette er den skikkelsen som me ofte kallar for Antikrist (eit namn som stammer frå1.Joh 4:3). Bibelen bruker namn som “Dyret” og “den lovlause” på denne skikkelsen andre stader, men det sikter til det same som Antikrist. Han skal gje seg ut for å vera Gud (2.Tess 2:4) og mange menneske skal begynna å tilbe Antikrist (Åp 13:12). Under denne tida skal det også verta satt i gang ein storstilt forfylging av kristne (Åp 13:7;Matt 24:21). Slike forfylgingar skal faktisk føra til at ein del forlet kristentrua (Matt 24:9-10,22).

Detandresom eg vil nemna er at det ser ut til at det heilt fram til dommedag skal vera tider med krig og ulike slags naturkatastrofar (Matt 24:6-7). Dentredje tingen som bør nemnast er at Bibelen fortel oss om at det skal vera ei misjonstid heilt fram til Jesu gjenkomst (Matt 24:14) – Bodskapen om den krossfesta og oppståtte Jesus skal nå vidare utover til nye folkeslag, sjølv om det skal vera ei tid der det skal vera vanskeleg å vera ein kristen.

Bibelen teiknar ikkje opp for oss ein fullstendig oversikt over korleis kvar minste detalj skal vera

Det kunne nok vore sagt noko meir om dette, men Bibelen teiknar ikkje opp for oss ein fullstendig oversikt over korleis kvar minste detalj skal vera i tida før dommedag. Derfor bør også me vera litt varsame med å konkludera med noko for skråsikkert om tidspunktet for dommedag ut frå ting som skjer i verden rundt oss. Det har mange personar prøvd på tidlegare i historien, og dei har tatt feil alle som ein. Det er ikkje vår sak å prøva å vita kva for ein dag som er dommedag (Matt 24:36,41). Bibelen oppfordrar oss derimot til å vera vakne til den dagen Jesus kjem igjen (Matt 24:42-44).

Helsing Ingvald Andre

Ill.foto: Oberazzi on flickr.com

Svaret er skrevet av Ingvald André Kårbø. Han er teolog, og lærer på Fjellheim bibelskole i Tromsø.

Lurer du på noe? Flere Spørsmål & Svar finner du underPåfyll.

Vil du sende inn ett spørsmål gjør du det tiliTro@nlm.no