– Gud er alltid med
Derfor treng me ikkje å bekymre oss, skriv Hanna Lovise
Å vera ein person som engste seg heile tida er ikkje berre lett.
Ein byrde
Somme tider kjem det å engste seg til nytte, men for det meste er det ein byrde. Ein byrde som hindrar deg i å nyte dagen som Gud har gitt deg.
Då eg gjekk i VG1, var eg ei jenta som ikkje hadde tru på mine eigne prestasjonar.
Eg gjekk på Kvitsund Gymnas på denne tida. Kristendomspraksis var noko me alle hadde, og eg var med ei gruppe til Vrådal, på noko dei kalla Yngres.
Dette var eit kristent opplegg for 4. klasse og oppover. Det var songar, små andaktar, mat og leik. Rett og slett det perfekte opplegget for dei i den alderen.
Min første andakt
På kristendomspraksis fekk me spørsmål om me ville prøve oss på ein liten andakt. Eg hadde aldri hatt noko slikt. Men, eg hoppa ut i det.
Andakt leverte eg, men imens eg snakka følte eg at heile kroppen skalv. Heldigvis var Gud med meg og eg kom meg igjennom og fekk sagt det eg ville sei.
Frykt ikkje, for eg er med deg, vær ikkje redd for eg er din Gud! Eg gjer deg sterk og hjelper deg og held deg oppe med mi rettferds høgre hand.(Jesaja 41,10)
Jesaja 41;10 er verset eg snakka om. Det at Gud alltid er med, er noko som lett kan hamne i gløymeboksen dersom du har mykje på lista.
Jesus som klatresikring
Eg snakka om at når ein er å klatrar, så treng ein sikring. Nokon må stå på botn av klatreveggen med utstyr som kan sikra.
Ein kan tenka seg til at dette er Jesus. Han står alltid der og tar oss imot vis me dett ned, og han står alltid med opne armar for å trøysta oss.
Det verset, og den andakten, har fått ein stor betydning for meg då eg var ei jente som var mykje usikker og skeptisk. Å engsta seg var eg også rimeleg god på.
Jesus står alltid med opne armar for å trøysta oss.
Så, kvar gong eg kjem tilbake til den engstelege, småredde og skeptiske jenta eg var, og fortsett kan vera, så drar eg Jesaja 41;10 fram i hovudet.
For eg veit kva tankar eg har med dykk, fredstankar og ikkje ulykketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. (Jeremia 29,11)
Fredstankar
Eg synest det er veldig behageleg å vita at Gud alltid vil vera med oss og ta oss i mot. Han har også mykje fredstankar for oss og gode tankar for kven me er.
Det står i Bibelen at ein ikkje skal engsta seg og vera redde, då dette kan dra deg vekk frå Gud fordi du ikkje har tru på hans evne til å ordne opp.
Det er då viktig å vite at sjølv om du er ein som engstar deg, er ein del små redd og skeptisk, så er det Gud som har skapt deg i sitt bilete.
Han har skapt deg fordi han ønska deg.