– Å tene Gud, glede Han ved vår omvending og takksamheit er det beste og største vi kan oppnå her i livet

– Å tene Gud, glede Han ved vår omvending og takksamheit er det beste og største vi kan oppnå her i livet

Peter Eide (18) skriv i dagens andakt om å stole på Gud trass omstendigheitane ein står i.

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.

Å stole på Gud når…

Livet ofte kan verke tungt. Det kjennest som om alt går imot oss, ingenting skjer slik som vi hadde tenkt det, og våre planar går i vasken.

Då er det lett til å ty til å synest synd på seg sjølv, klage, bli sur eller tre til ting som verkar uskadelege, spesielt om ein gjer det åleine.

Men å la desse kjenslene ta rot i hjernen kan ofte føre til at fleire greiner med verre effekt på eige sinn, og andre, veks ut av desse. Kva seier Gud om å klage, surmule, og liknande ting som er så vanlege i dag? 

Gå til Gud

1. Tessalonikarbrev 5,16-18 står det:

Ver alltid glade! Be uavlateleg! Takk Gud, kva som enn møter dykk! For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus. (1 Tess 5,16-18)

Her står det ganske klinkande klart kva vår respons på urettferdigheit skal vere, kva vi skal gjere når vi kjenner på sinne, nemleg gå til Gud. Å be uavlateleg, utan ende, er eit ganske høgt krav, aldri slutte å be liksom.

Men det Paulus seier her er at vår første prioritet i alle situasjonar bør vere å be, å snakke til Gud, anten om vi har vunne ein fotballkamp, og er takksame til Han, om vi skal ut på tur og vil be Han om beskyttelse over oss, eller om vi står i eit problem, og veit vi ikkje vil klare det på eiga hand.  

Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. (Fil 4,6)

Han bryr seg om oss

Vårt første svar, vår første handling i alle situasjonar, til alle følelsar, og til alle tider, må vere å gå til Gud. Han er vår Far, Han seier Han bryr seg om oss, og har gode planar for liva våre, som vi berre må takke ja til å gå i.

Sjølv om å stole på at alt går bra utan å sjå det gode i ein situasjon, vil eg samanlikne med den ufortente og uforklarlege kjærleiken og freden Gud gir oss, utan å sjå kor den kan kome frå, eller kvifor du har den. 

Stol på Gud

Eg vil oppfordre deg til å ha ei innstilling framover, der du legg all din lit til Gud, stolar fullt og heilt på at du er tilgitt for synder i fortid, notid og framtid ved Jesu Kristi død og oppstode, og vandrar i dei ferdiglagte stega Han har lagt for deg i tru. Dette utan å vere redd eller engstelege for noko, uansett kva det er.

Er vi innstilte på å vere takksame i alle situasjonar, vil det påverke humøret vårt positivt, og både glede oss og Gud. Å tene Gud, glede Han ved vår omvending og takksamheit er det beste og største vi kan oppnå her i livet.   

Privat

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.