– Eg klarar ikkje la vere å tenke, for ein god Gud vi har

– Eg klarar ikkje la vere å tenke, for ein god Gud vi har

– Eg har ikkje hatt eit drastisk vendepunkt der eg har valt å følge Jesus, men her er 3 grunnar til at eg vel å halde fram med trua mi og vere ein kristen.

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.

Mitt navn er Hanna Belt, eg er 18 år og går VG3 på Vestborg vidaregåande skule. Eg er fødd inn i ein kristen familie og har alltid rekna meg som ein kristen.

Eg har ikkje hatt eit drastisk vendepunkt der eg har valt å følge Jesus, men her er 3 grunnar til at eg vel å halde fram med trua mi og vere ein kristen.

1. Verdi som ikkje er basert på gjerningar

Eg kan somme tider føle meg mislukka, om eit mål eg har sett meg er for utilstrekkeleg, eller ei prøve ikkje gjekk som eg hadde tenkt.

Som menneske er det lett å basere verdien sin på prestasjonar eller det ein får til. Heldigvis har Gud andre planar for oss. I 1 Joh 4,10 står det:

Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre. (1 Joh 4,10)

Kva verdi vi har ovanfor Gud, endrast ikkje av våre gjerningar, men er definert av Jesus som overvann døden for oss. Difor kan vi stå heilt reine framfor Han og kvile i Guds fred.

2. Gud har ein plan for meg

Livet kan av og til virke overveldande og skummelt. Vi må studere, arbeide, skaffe våre eigne pengar og forsørge oss sjølve.

Eg kan ikkje gripe korleis nokon kan sjå på dei spisse fjelltoppane, fargerike soloppgangane og ei strålande sol og tenkje at det er heilt tilfeldig.

Det å kunne vite at Gud har ein plan for meg og vil meg det beste, har endra mitt perspektiv på livet. I starten av Sal 32,8 står det:

Eg vil gjera deg vis og lære deg den vegen du skal gå. (Sal 32,8a)

Han passar på meg og har peika ut ei retning som eg kan følge. Gud vil store ting for oss og vi kan få tene han i det vi gjer.

3. Skaparverket

Mykje av fritida mi vert brukt utandørs på til dømes ski og tur. Det er der eg innser kor stor Gud er og kor ufatteleg liten eg er. Eg vert mållaus.

Eg kan ikkje gripe korleis nokon kan sjå på dei spisse fjelltoppane, fargerike soloppgangane og ei strålande sol og tenkje at det er heilt tilfeldig.

Eit perfeksjonert samspel mellom dyr, plantar og organismar innanfor ulike økosystem kan ikkje kome frå ingenting.

Eg klarar ikkje la vere å tenke, for ein god Gud vi har.

Privat