YOLO

Er dette alt?

Tem

Tema for oktober er «ekte». Leder denne veka er skriven av Astrid Rydland Bjørke (23).

Du har sikkert  lest eller høyrt følgjande fire bokstavar: YOLO (you only live once). I og for seg eit ganske spanande konsept, og eg må seie at eg på mange måtar har sansen for det.

Uttrykket er meint  som ei oppfordring til å gripe dagen, å ta nokre sjansar, ikkje berre bli sitjande i sofaen dag ut og dag inn. Dette er i og for seg ikkje noko negativt. Men er det heilt sant at vi berre skal leve ein gong?

Er det heilt sant at vi berre skal leve ein gong?

Som kristne vil  ikkje denne tankegangen gå heilt hand i hand med det Bibelen lærer oss. Det stemmer forsåvidt at vi berre skal leve ein gong her på jorda, men det stoppar ikkje der. Vi har jo ein evighet i vente! Og den skal berre levast ein gong, for den tar aldri slutt.

Eg kom over  følgjande video på YouTube her om dagen:

Den spør følgjande  spørsmål: «Er dette alt?!», og på mange måtar forstår eg godt spørsmålet. For når alt kjem til alt, er livet verkeleg ikkje meir enn nokre år med skule, utdanning, arbeid, hus og bil?

Eg trur det  er noko meir. Då Jesus levde på jorda sa han at han var noko meir enn berre eit vanleg menneske. Han sa at han var Guds son, og at han var einaste vegen til Gud.

Dette gir oss to alternativ

Dette gir oss  to alternativ: Anten var Jesus ein løgnar, eller så er han faktisk einaste vegen til Gud, den einaste som kan gje oss ein billett til Himmelen.

Lever vi berre  ein gong? Er det verkeleg eit liv etter døden? Var Jesus verkeleg Guds son? Er han einaste vegen til Himmelen?

Ein veit ikkje før ein har undersøkt

Dersom du vil  ha svar på dette, må du bli kjent med Jesus sjølv. Ikkje bli av dei som slår seg til ro med at det ikkje er noko meir, for det kan du ikkje vite før du har undersøkt. Å vite utan å undersøke er òg «berre» å tru.

Ta deg tid  til å leite etter svar, og ikkje minst, leit der du finn svara: Bibelen.

Lykke til og god mandag!

Foto: Yuri Arcurs on Fotolia