Ver alltid glade!

Ver alltid glade!

Det kan absolutt bli slitsomt i lengda å vere gladkristen med påklistra smil.

Leder

Vekas leder er skriven av Astrid Rydland Bjørke (24).


«Og om sangen  iblant skulle stilne, og forstyrres av uro av strid, Herre åpne på nytt mine øyne, så jeg ser at hos deg er min fred».

Kjenner du att  denne setninga? Den er frå songen «Jeg vil gjøre mitt liv til en lovsang til deg». Denne setninga har surra rundt i hovudet mitt i det siste, og eg har stilt meg følgjande spørsmål: Har eg tid til å til vere glad?

I 1. Tessalonikerbrev 5,16-18  skriv Paulus:

«Ver alltid glade!Be uavlateleg!Takk Gud, kva som enn møter dykk!For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus.»

Han skriv nokoliknande i Filipparbrevet 4,4: «Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk!Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær.Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.»

 

Det er ikkje små krav vi møter i Bibelen:Ver alltid glade!Be uavlateleg!

 

Wow, snakk om  store krav! Skal vi verkeleg alltid vere glade? Gjennom desse versa kan ein forstå frustrasjonen nokon kan uttrykke over at kristne kan bli slitsame når dei bikkar over til å bli overenergiske gladkristne.

Gud har skapt  oss med alle slags kjensler. Han har ikkje skapt oss til å alltid gå rundt med eit enormt glis om munnen og latterutbrot i annankvar setning. Men Han har gitt oss noko vi alltid kan vere glade for. Jesus gjorde eit oppgjer med alle syndene våre, og sette oss fri frå den dommen som i utgangspunktet hang over oss. Vi har fått Den heilage ande, som lever i oss, og som hjelper oss i kvardagen. Dette, og mykje meir, er gleder som er konstante, som ikkje er avhengige av om dagane våre er gode eller vonde.

Å glede seg i Herren er ikkje det same som å vere gladkristen

Difor kan vi  alltid ha noko å gle oss over og takke for. Men av og til kan gleda sitje ganske langt inne, og det kan vere vanskeleg å kjenne på den. Er det fordi Gud er langt vekke og fråverande? Gud er aldri langt vekke og fråverande. Men vi kan fort bli oppslukt av andre ting her i livet; alt vi skulle ha gjort, alt vi må rekke over.

Jesus måtte ein  gong minne Marta,ei kvinne han vitja,på dette. Marta vart irritert på søstra si, Maria, fordi ho heller sat og lytta til det Jesus hadde å seie, enn å hjelpe til i huset. Då sa Jesus: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting.Men det er eitt som er nødvendig.  Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.» (Lukas 10,41-42).

 

Det er faktisk  ein ting som er viktigare enn alt. Det er å halde seg nær Jesus, bruke tid med han, lytte til han, lese om Han. Då kan gleden ein ofte lengtar etter, få vekse fram att, fordi vi då vil bli minna på alt det store vi har i Gud. «Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt.» (Matteus 6,33-34).

© yanlev – Fotolia.com