Superkristen vs søppelkristen

Superkristen vs søppelkristen

Elskar Gud deg alltid?

I dag er  det i hovudsak èin ting eg har lyst til å dele med alle som har klikka seg inn på dette innlegget: Gud elskar deg. Punktum.

Ok, du har  kanskje høyrt det før, og er lei av å få det repetert. Eller kanskje tenkjer du «ånei, ånei, vi kan ikkje berre bable i veg om at Gud elskar oss sånn utan vidare. Det blir for lett, vi kan ikkje gløyme at Han er hellig òg! Vi må ikkje gløyme synda midt oppi det heile». Og det er forsåvidt heilt sant.

«Ikkje berre på tross av, men på grunn av

Eg kjenner sjølv  at eg har eit sterkt behov for å bli minna på at eg er ein syndar, at eg ikkje strekk til. Og det trur eg er viktig, for det er berre når vi ser at synda i liva våre at vi ser behovet for Jesus. Men av og til så må eg bli minna på at Gud faktisk elskar meg òg. Og ikkje berre på tross av den eg er, men på grunn av den eg er: Eit menneske skapt i hans bilete.

Eg trur at  dersom ein berre skal gå og klandre seg sjølv over at ein ikkje strekk til om kristen, vil ein fort bli lei og sliten av heile kristenlivet. Då treng du kanskje å bli minna på at Gud er glad i deg.

«Søppelkristen eller superkristen?

Men hugsar du  at han er glad i deg dei dagane du føler at du verkeleg ikkje strekk til som kristen (såkalla søppelkristen)? For han elskar deg då òg. Like høgt som dei dagane du føler deg som tidenes superkristen/gladkristen/. Det er heilt sant!

For å vere  sikker på at du har fått det med deg seier eg det igjen: Han elskar deg. På ein måte som er så stor at du aldri kan fatte det. Men du kan få tru på det! Og kva bevis har eg for at du skal få tru at det er sant? Berre sjå på Jesus på korset. Det er bevis nok. Søppekristen eller superkristen? Han døydde for alle.

Ill.bilde: Xurble on flickr