Religion: Blankt

Religion: Blankt

Ferien som endte opp på politistasjonen.

Distré som eg  er, endte eg opp med eit aldri så lite besøk på politistasjonen i løpet av ferien min på Bali. Eg skulle rapportere at eg hadde mista noko.

Politimannen på andre  sidan av bordet såg ut som om han eigentleg var mest opptatt av å spele eit eller anna ballongspel på datamaskina si, men oppdaga etter kvart at eg sat der, og fann fram eit skjema eg skulle fylle ut.

Sidan eg ikkje  hadde så god tid, tenkte eg å få det heile raskt overstått. Eg fylte ut det meste, men nokre ting hoppa eg over, då det ikkje akkurat verka så veldig viktig i denne samanhengen.

You didn’t write anything here!

Politimannen las gjennom  skjemaet, og sa: «You didn’t write anything here!», medan han peika på feltet der det sto «Religion». Det såg ut som om han overhodet ikkje kunne forstå kvifor eg hadde hoppa over det, då det var totalt opplagt at det var viktig i ein slik sak.

Eg svara «christian»  etter at eg hadde fått summa meg litt. Ikkje fordi eg lurte på kva tru eg har, men fordi spørsmålet var så uventa. Det skulle tatt seg ut om dette hadde stått på eit standardisert skjema heime i Noreg, tenkte eg inni meg.

Vi finn vår identitet først og fremst i Han

Kanskje ville ikkje  det å oppføre at eg var kristen gjere det noko enklare å finne det eg hadde mista, men det fekk meg likevel til å tenkje. Heime i Noreg er det lett for at tru blir noko ein ikkje snakkar så høgt om. Den blir fort elefanten i rommet som ingen tør nemne. Kanskje er ein redd for å støyte andre dersom ein snakkar om trua si. Kanskje er ein redd for kva andre vil seie?

Eg vil oppfordre  meg sjølv og andre til å ta med trua vår når vi snakkar om den vi er. Ikkje for å vere fromme eller ovanpå, men fordi ein Jesu etterfølgjer faktisk har gitt livet sitt til Gud. Det betyr at vi finn vår identitet først og fremst i Han, ikkje i heimstad, passnummer, fødestad eller yrke. Som kristen høyrer du Gud til. Ikkje oversjå det som noko uviktig. Det er det meste viktige av alt! Du er eit Guds barn.

Ill.foto:  © ecco – Fotolia.com