På salg eller gratis?

På salg eller gratis?

Eit mykje brukt uttrykk er at «nothing comes for free». Og som oftast stemmer jo dette.

Leder:

Vekas leder er skriven av Astrid Rydland Bjørke (23), redaksjonsmedlem og fysioterapeut.


Har du byrja  å kjøpe julegåver? Eg har såvidt byrja å kikke litt rundt for tida for å sjå om det er noko aktuelt å handle inn. Og som halv sunnmøring vil eg helst finne så gode tilbod som mogleg.

Ting skal helst  vere så mykje på salg som mogleg. Av og til kan eg vere freista til å kjøpe noko berre fordi det er eit kjempegodt tilbod, sånn at eg kan skryte av kor billig eg fekk det.

Av og til  finn ein tilbod som ser ekstra freistande ut, men som ofte viser seg å ikkje vere så billig likevel. Eit eksempel er mobiltelefonar som kostar 1 kr. Folk ser ut til å bite på gong etter gong òg, sidan slike tilbod stadig blir annonsert. Ein mobil til 1 kr er jo veldig billig – på kanten til gratis. Men det er ikkje gratis. Mobilen er kjøpt og betalt, og i tillegg kjem det som oftast ein haug med tillegsutgifter i etterkant.

Det aller mest her i verda må ein kjøpe på ein eller annan måte

Eit mykje brukt  uttrykk er at «nothing comes for free». Og som oftast stemmer jo dette. Det aller meste her i verda må ein kjøpe på ein eller annan måte, anten det kostar pengar, tid eller krefter. Men det er noko som er totalt gratis, og det er attpåtil ein kjempedeal! Ordet eg skal fram til liknar i grunn veldig på ordet gratis. Det latinske ordet for nåde er nemleg «gratia».

Og når noko  er gratis, då har ein ikkje gjort noko som helst for å fortene det. Då er ein rett og slett ein passiv mottakar som ikkje kan gjere anna enn å seie ja og takk. Eller nei, takk.

Nåden Jesus vil gje deg er totalt gratis

Nåden Jesus vil  gje deg er totalt gratis. Det betyr at det er null vits for deg å ta deg saman før du kjem til han med livet ditt. Det er heller ikkje noko du kan gjere i ettertid for at du skal bli meir frelst. Å vere frelst er ein konstant ting som berre beror på om vi vil ta imot eller ikkje. Det er aldri Gud det kjem an på. Han står klar til å dele ut Livet med stor L – heilt gratis.

Du har alltid tilgang på det største

Lat dette bli  ein påminnar for deg når du går rundt i butikkane. Om VISAkortet ditt byrjar å lukte svidd, eller lommeboka di stadig bli slankare, skal du vite at du alltid har tilgang på det største. Du har tilgang på noko som er heilt gratis!

De veit at det ikkje var med forgjengelege ting som sølv eller gull 
de vart frikjøpte frå det tomme livet de overtok frå fedrane,  
det var med Kristi dyre blod, 
blodet av eit lam utan feil og lyte. 

1. Peters brev 1, 18-19

PS: Lykke til med juleshoppinga! 

Ill.foto:  freefotouk on flickr