Kom deg ut!

Kom deg ut!

Har sofaen blitt veldig god i det siste?

Følgjande sitat oppdaga  eg på ein blogg eg tilfeldigvis ramla over ein dag eg sat og surfa på nettet:«Life begins at the end of your comfort zone».

Dette var ein  dag eg ikkje hadde lyst til å gjere nokon verdens ting. Eg i grunn mest lyst til å synke så langt ned i sofaen at eg ikkje kom til å klare å reise meg opp igjen på ei stund. Tiltakslaus var berre fornamnet til den tilstanden eg hadde gått inn i, så då eg såg sitatet vart eg på kanten til sur. Typisk folk å skrive slik kvardagsvisdom på bloggane sine, tenkte eg der eg sat godt planta i sofaputene.

Det var ikkje  slik at eg ikkje hadde lyst til å gjere noko meir ut av dagen eg hadde føre meg. Det var mange ting eg hadde lyst til å gjennomføre, men sofaen var berre så fantastisk god. Den krevde ingen ting av meg. Eg kunne berre sitje der som ein robot og trykke på Mac-en etter eige ønskje, men det var jo ikkje akkurat så mykje som skjedde. Bloggane, facebookprofilane eller kjendisnyhendene eg las tok meg ikkje akkurat så veldig langt vidare i livet.

For ein dag det vart!

Eg bestemte meg  for å gjere noko med det. Eg klappa saman Mac-en, og sleit meg ut av sofaen, ut av komfortsona mi. Joggeskoa vart snørt på, treningssenteret vart inntatt, og ei god treningsøkt vart gjennomført. Etterpå lagde eg meg ein god middag, og seinare inviterte eg nokre vener over på kvelden der vi fekk prata om både tru og tvil. For ein dag det vart! Alt fordi eg klarte å skvise meg ut av komfortsona. Alt fordi eg ikkje berre vart sitjande der.

Kva er di komfortsone?

Livet er ei  gåve i frå Gud, og han har ein plan for oss. Samstundes har han gitt oss mange gåver og talent som vi sjølv kan velje korleis vi vil forvalte med eit mål om å ære Han. Eg utfordrar deg til å byrje denne veka med å stoppe litt opp og tenkje. Kva i livet ditt er med på å halde deg vekke frå eit rikare liv i Gud? Kva er det som gjer at du ofte blir ståande på staden kvil i livet ditt? Kva er di komfortsone? Kvar vil Gud at du skal vere?

«Life begins at the end of your comfort zone» – Neale Donald Walsch

Vågar du deg ut?

Foto: © Scott Griessel – Fotolia.com