Kjip bedehussang

Kjip bedehussang

Tenkjer du "booooring..!" når nokon foreslår denne songen?

Hvilken venn vi har i Jesus. Kva er forholdet ditt til denne songen? For alt eg veit kan det vere du aldri har høyrt den før eller sunge den før. Uansett om du kjenner til den eller ikkje trur eg du skal få bli kjent med den på ein ny måte.

Leder:

Vekas leder er skrive av Astrid Rydland Bjørke (23), fysioterapistudent i Bergen.

Ein skulle kanskje tru at denne songen er laga av den mest gladkristne personen i heile verda. Han sat der kanskje rundt bordet med familien sin og trekkspelte og durte i veg og endte opp med denne songen. Siden den er så populær skulle ein vel tru at han hadde klart å mikse saman fleire hitar til bedehuset. Men dette er så langt frå sanninga som du kjem.

Alt han hadde håpa på fall i grus

Joseph M. Scriven frå Irland var 25 år, forelska, og klar til å gifte seg med drømmedama. Dagen før bryllupet var ho ute på sjøen ein tur, men ho kom aldri tilbake, for ho døydde i ei drukningsulykke. Etter dette flytta Joseph til Canada for å starte eit nytt liv. Her fann han igjen kjærleiken, og var igjen klar for å gifte seg. Som om han ikkje hadde gått gjennom nok, døydde òg denne jenta, og han var igjen aleine. Familien var i eit anna land, og alt han hadde håpa på fall i grus. Snarleg etter dette låg mora hans, som budde i Irland, for døden. Det må ha vore hjerteskjærande å ikkje ha moglegheit til å reise og sei farvel. I staden skreiv han eit dikt til ho. Dette diktet vart seinare til songen «What a friend we have in Jesus».

Eit av historia sine største vitnesbyrd

Han skreiv berre denne eine songen. Midt oppi smerte, fortvilelse og sorg. «Hvilken venn vi har i Jesus» er ikkje berre ein traust bedehussong. Det er eit av historia sine største vitnesbyrd om det å gå med Jesus uansett kva livet fører med seg. Det handlar om å halde fast på trua, og det handlar om den enorme trøysten Jesus kan gje oss når vi har det vondt.

Ta med deg historia til Joseph neste gong du høyrer songen. Her er ein versjon dersom du vil høyre den med ein gong: