Drøym stort i 2013

Drøym stort i 2013

I år satsar eg ikkje på sjokolade

div class=»attribute-title»>

Leder:

Vekas leder er skriven av redaksjonsmedlem Astrid Rydland Bjørke (23).

Året 2011 var  året eg måtte betale dyrt for å bryte nyårslovnadene (nyttårsløftene) mine. Eg inngjekk nemleg ei avtale med ei venninne om å ha sjokoladefritt år.

For dei som  ikkje kjenner meg, er eg om lag 20 gongar meir glad i sjokolade enn eit gjennomsnittsmenneske, og et det som om det skulle vere brødskiver (sitat lånt av Kari Eklund).

Straffa var følgjande:  Den som åt sjokolade i løpet av året, måtte springe halvmaraton. Eg har aldri vore særleg glad i å springe, men kjærleiken for sjokoladen vart i påskeferien større enn hatet mot springing. Påskeegget blei fortært, det var nydeleg godt, og eg betalte inn påmeldingsavgift for Oslo Maraton.

«Den som åt sjokolade, måtte springe halvmaraton

Det vart nokre  heller ublide månader med trening, totalt blotta for indre motivasjon. Alt eg ville var å gjennomføre løpet, for å kunne motta ei lilla t-skjorte med Oslo Maraton-logo, som eg i ettertid kunne gå med. Dette for at folk skulle beundre meg for min heltemodige springeprestasjon.

Eg gjennomførte løpet  utan noko særleg stor glede over det, og då eg kom i mål viste t-skjorta seg å vere for liten. Bortkasta tid på så mange måtar.

«Då eg kom i mål, viste t-skjorta seg å vere for liten

Kva er det  eg prøvar å seie her? Seier eg nei til å satse stort her i livet? Skal vi setje oss små og behagelege mål som gjer at vi ikkje treng å prestere noko særleg?

På ingen måte!  Men folkens, lat oss satse stort på område som faktisk betyr noko! For kva betydde det i det store og det heile at eg la så mykje tid ned i å trene til eit løp, berre for å få ei t-skjorte (som ikkje passa ein gong!)?

«Tør å setje deg store mål saman med Gud!

Tør å setje  deg store mål saman med Gud! Han har gitt enorme løfter til oss i sitt ord. Desse skal vi få stole på.

Set deg mål  om å få med deg folk på møter, leir, ungdomslag, kor, bibelgruppe, kva som helst. Set deg mål om å lese meir i Bibelen. Set deg mål om å tørre å dele evangeliet med andre. Set deg mål om å bruke tid med ikkje-kristne vener. Ikkje for å bli påverka av dei, men for at dei kan få sjå den fantastiske skatten du har i hjartet ditt: Frelsa, Guds kjærleik, evig nåde.

«2013 kan bli eit stort år!

Sats stor på  det som betyr noko! 2013 kan bli eit stort år der mange kan ta imot Jesus. Vil du delta på dette?

Drøym stort i 2013! 

nbsp;

Ill.foto:  peter pearson on flickr