Den pinlege samtalen

Den pinlege samtalen

Ein kan tolke feil, men av og til er det ikkje så mykje rom for å misforstå.

Leder

Lederen er skrevet av Astrid Rydland Bjørke, som er nytt redaksjonsmedlem i iTro. Du vil bli bedre kjent med henne senere i desember.

«Kva studerar du då?» Eg hadde akkurat helst på ein ny person i menigheten min. «Geologi svarte han» (trudde eg i alle fall). «Å, kvarts og sånn då?» spurte eg for å late som om eg hadde noko å kome med på det feltet. «Tja, det er jo ein måte å vinkle det på?»

Eg følte ikkje  vi var på bølgelengde i denne samtalen, men eg prøvde litt til: «Då eg gjekk på vidaregåande fekk vi alle utdelt ein kasse med stein som vi skulle pugge namna på, i geografi. Ja, for du skal vel kanskje bli lærar». Han såg på meg med store auge og lurte veldig på kva skule eg hadde gått på, og at han ikkje trudde han kom til å ha så mykje med geografi å gjere. Dette var sjølvsagt fordi han studerte teologi, ikkje geologi, og skulle bli prest.

Den som har Sonen, har livet

Kommunikasjon er ikkje  alltid rett fram. Av og til kan ein misforstå og av og til kan ein tolke feil. Eg har høyrt mange seie dette om Bibelen, at den er så vanskeleg å forstå, og at det er så mykje som må tolkast at det er nesten ikkje vits i å lese i den. Og ja, av og til kan den vere litt mystisk.

Men kva med 1. Joh 5,12:

«Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds son, har ikkje livet.»

Bibelen talar mykje i bilete, men mange plassar er den likevel klinkande klar

Der er det  ikkje så mykje rom for for å tolke eller misforstå. Bibelen talar mykje i bilete, men mange plassar er den likevel klinkande klar, som i verset over. Det skal vi vere glade for, for då veit vi kva vi har å forholde oss til i forhold til Gud.

Så spørsmålet er vel eigentleg ikkje kor mykje du ikkje forstår av Bibelen, men korleis du forholder deg til det du faktisk forstår? Eg kan dessverre ikkje love så mykje geologi, men veldig mykje spanande teologi. Verdt å lese uansett.

Ill.foto:  SEROUSSI på flickr

_________________________________________________________________