Berre gjer da!

Berre gjer da!

Kvardagskristen og kvardagstrim.

Eg blir utruleg lett fascinert av personar som er flinke til noko. I 2003 var eg særs fascinert av den vakre sangstemma til Gaute Ormåsen (Idol-deltakar red.anm). Elles kan eg nemne at Petter Northug, Mette-Marit, MacGyver og Lars Monsen har vore på fascineringslista mi.

For tida er det ein spesiell person som pregar tankane mine og som motiverar meg. Sidan dette er ei kristen nettside skulle eg kanskje sagt at det var Jesus. Han pregar meg han òg, men det er ein annan person eg siktar til i dag. Han har tidenes største smil, er ein av dei beste motivatorane eg kan tenkje meg, og han gjer det å trene til noko heilt overkommeleg (Berre tre timar i veka, pluss kvardagstrim!). I tillegg handlar han ut ifrå tidenes slagord: «Berre gjer da!». Når trappene på Haukeland blir for lange, og heisen fristar ekstra, eller når det å ta på joggeskoa verkar uoverkommelg, då hjelper Yngvar meg i gang med dette slagordet.

Mykje kan verke uoverkommeleg når ein sit benka foran Facebook

Det er ikkje berre i treningssamanheng dette slagordet kan kome godt med. Vi har mange ting vi ønsker å gjere i løpet av ei veke: Trene, vere sosial, vaske og rydde, skifte dekk på sykkelen, gå ut med søppelposen, lese i Bibelen etc. Mange av desse oppgåvene kan verke uoverkommelege når ein sit benka foran Facebook eller TVen, kanskje spesielt det å lese i Bibelen.

Sjølv trur eg at tanken på å setje i gang med å gjere noko ofte er meir slitsom enn å faktisk gjere det. Tanken om å lese eit kapittel i Bibelen kvar dag kan verke totalt uoverkommeleg sjølv om ein veit at det eigentleg berre tar nokre få minutt. Når ein først har gjort det lurar ein ofte på kvifor ein utsette det så lenge, for det var jo ingen sak!

Berre gjer da!

Eg vil gje dykk ei utfordring. Ikkje utsett å lese i Bibelen når du kjem på det i løpet av ein dag. I staden for å gå rundt med dårleg samvittighet for det du ikkje fekk gjort eller ikkje orkar å gjere – berre gjer da! Set deg ned, finn fram Bibelen. Bla opp, les, og lær. Vekas slagord nummer 2: Sometimes it’s just time to get your face off Facebook and into the Book».

Oppfordringa er gitt: Berre gjer da!

Ill.foto:  Tuva Jorfald, NRK