Å måtte velje

Å måtte velje

Av og til er det vanskeleg å takke Gud

Leder:

Dagens leder er skrive av Astrid Rydland Bjørke (23)

Har du merka  kor lett det er å klare utfordringar når livet går på skinner, når alt ser ut til å sjå lyst ut, og framtida er trygg og god?

Det er ikkje  vanskeleg å lovsynge eller prise Gud når ein har opplevd store bønnesvar, eller sett store ting skjer i livet. Då kjem lovsangen som ein naturleg respons på det gode ein har fått opplevd.

Det er ikkje vanskeleg å prise Gud når ein har opplved store bønnesvar

Eg kom over  ein song her om dagen som heiter «Praise you in this storm» av Casting Crowns (film nederst i saken). Den sette seg verkeleg på hjernen ei stund, for bodskapet erverkeleg utfordrande.Den handlar om å prise Gud, om å takke Gud når livet stormar som mest, når håpet er fjernt, når Gud er fjern.

Men er det  ikkje nettopp dette som er å elske Gud? Det er jo ikkje noko problem å elske Gud når ein føler at han er nær, og at han fyller livet med alt godt. Men å elske Gud handlar ikkje berre om å føle. Av og til kan det handle om å velje, om å velje å tru, om å velje å håpe sjølv om alt ser svart ut. Å takke Jesus for livet sjølv om det han har gjort verkar fjernt.

Av og til handlar det om å velje å håpe

For det som  er fantastisk å kunne vite midt i alt, er at det Jesus har gjort gjeld like mykje kvar dag. Guds kjærleik til deg gjeld like mykje kvar dag. Guds kjærleik og omsorg for deg er ikkje avhengig av tid, stad, situasjon eller følelser. Den er konstant, og vil aldri gå bort.

Vi kan prise Gud når livet stormar

Difor kan vi  prise Gud når livet stormar, fordi han er der uansett, fordi han aldri har gått eller kjem til å gå frå deg. Som Guds barn har vi alltid noko å takke for: At han alltid vil vere vår Far.

Eg håpar du  kan ta med deg dette i denne veka uansett korleis du har det: Gud elskar deg og er nær deg!