Tilbake til start

Tilbake til start

Å feile betyr ikkje at du rykker tilbake til start!

Sjå for deg ei lang løpebane. Bana byrjar med ein startstrek, men du anar ikkje kvar målet er, for det ligg langt framme. Dette kan likne vegen vi går som kristne. På eit eller anna tidspunkt i løpet av livet byrjar ein å tru, å følgje Jesus. Då går startskotet for reisa på denne løpebana.

Starten kan kanskje vere litt haltande. Ein har ikkje rukke å lese så mykje i Bibelen, ein har ikkje rukke å bli så godt kjent med Jesus. Men etter kvart som ein går, blir ein meir stødig. Det synast meir tydeleg at Jesus er Herre i livet, og Den heilage ande får større rom til å leie gjennom kvardagen.

Til trass for at ein blir meir stødig, hender det støtt og stadig at ein likevel bommar på målet, at ein syndar. Det treng ikkje å gå mange minutt frå ein dag startar, til ein endar opp med å kaste ut ein sleivete kommentar. På skulen kan ein falle for freistinga om å baktale eller fryse nokon ut, og seinare på dagen kan ein fort bli sint og urimeleg.

Å bomme på målet

Når slikt skjer , blir ein ofte ramma av dårleg samvit. Det er ein ubehageleg, men samstundes sunn og god reaksjon. Samvitet er med på å drive oss til Jesus, og til oppgjer med dei vi har såra.

Men av og til kan ein kome på tanken om at det dårlege samvitet betyr at ein rykker tilbake til start. At ein må bygge opp heile trua si på nytt. Då er det slitsamt å vere kristen, for då blir framgangen målt i tal på synder og feil. Og sidan vi sjeldan klarar å gå lenge utan å feile, vil vi då aldri kome noko vidare, og stort sett bli ståande ved startstreken.

Samvitet er med på å drive oss til Jesus

Hebrarbrevet 12,1-2 kjem med ein bodskap full av fridom og frimod:

«Difor, når vi har så stor ei sky av vitne kring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og halda ut i det løpet som ligg framfor oss, med blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar.»

Livet handlar i grunn stadig om å bli samd med Gud, om å kome fram til same konklusjon som Han. Òg når vi har gjort noko gale. Dersom eg til dømes har såra ei venninne med mine kommentarar, vil eg (forhåpentlegvis) bli ramma av dårleg samvit, fordi eg i etterkant vil kome fram til at det var ein dum ting å gjere.

Vidare vil eg få eit ønskje om å be denne venninna om tilgjeving. Kvar står eg i forhold til Gud då, dersom eg har eit ønskje om å be om tilgjeving til både Han og venninna mi, og om eit oppgjer? Då er eg og Gud samde. Då har vi kome fram til same konklusjon.

Skal eg då rykke tilbake til start? Nei. Av og til treng vi pausar på vegen for å peile oss inn på riktig retning. Vi må la Den heilage ande overtyde oss om synd, og deretter ta oppgjer, tilstå, og be om tilgjeving. Men deretter går ferda vidare. Så lenge ein er på linje med Guds gode bod, og Guds ord til oss, skal ein med frimod få gå framover på vegen. Våg difor å gå vidare, med blikket festa på Jesus.

lilufoto - Fotolia.com