Kviledag

Kviledag

Eg har slite med å forstå bodet om kviledagen. Men då eg såg at eg hadde gjort søndagen til oppsamlingsdagen min, forsto eg at eg nettopp hadde bevist at bodet trengst.

Kommentar

I kommentarspalten gir forskjellige iTro-skribenter deg sine tanker om opplevelser, nyheter, ting de tenker på, eller aktuelle ting som skjer rundt oss.

Ingebjørg Hauge er 23 år, og studerer teologi.

Det er eit av dei ti boda eg slit meir med enn dei andre.

Ikkje fordi det  er det vanskelegaste å halda. Men fordi eg slit sånn med å forstå kvifor det er til det beste for meg å halda det.

Alle desse er bod som tek på alvor at eg er svak og ein syndar

For jo, eg  ser den at eg ikkje skal slå i hjel og stjela. Eg forstår at det er dumt å lyga. Sjølv om eg ikkje alltid vil det skal vera slik skjønar eg at det er lurt å hedra foreldra mine og å ikkje bryta ekteskapet. Eg har opplevd igjen og igjen at misunning kan øydelegga. Når Gud er den han er er det logisk at eg ikkje skal ta lett på det å bruka namnet hans eller kven eg har på førsteplassen i livet.

Alle desse er bod som tek på alvor at eg er svak og ein syndar. Dei oppmuntrar meg til å gå imot det som eigentleg fell meg naturleg, til å passa meg for å gjera slikt som eg ofte vil. Fordi det er til det beste for meg.

Eg har gjort søndagen til oppsamlingsdagen min

Men kvifor skal  eg ha fri på søndagar?Bodet seier jo berre noko eg allereie ønsker. Eg vil jo ha fri. Treng eg eit bod som får meg til å slappa av? Burde det ikkje heller vore eit bod som fekk meg til å skjerpa meg og gjera noko fornuftig?

kvifor er dette viktig nok til å vera 10% av dei 10 boda?Fordi eg ikkje heilt ser vitsen har eg vald ein annan strategi enn å halda kviledagen heilag. Eg har gjort søndagen til oppsamlingsdagen min: den dagen eg får gjort alt eg ikkje fekk gjort tidlegare i veka.

Eg plar sjeldan legga opp til at eg skal gjera skule, vaska, ta telefonar eller jobba på søndagar. Men like sjeldan får eg gjort alt eg hadde tenkt mandag-lørdag, og då tar eg det på søndagen.

Eg ser at eg nettopp har bevist at bodet trengst

Men kvifor trur  eg at eg er klokare enn Gud i dette spørsmålet?Når eg tenker etter blir eg flau. Eg ser at eg nettopp har bevist at bodet trengst. For det eg vil av meg sjølv er at eg og andre skal vera tilgjengelege, på, imøtekommande, interesserte, engasjerte, produserande, sunne, utviklande. Alltid. Difor treng eg eit bod som hjelper meg til å gjera det som er best for meg.

Gud vil at eg skal stoppa opp litt. Han vil at eg skal tillata meg det. Han vil at eg skal tillata andre det. Fordi det er til det beste for oss. Ja, fordi Gud er klokast.

Foto: Gabriella Camerotti/flickr.com