Kontrastenes høgtid

Kontrastenes høgtid

Jula kan vere glede, jula kan vere sorg. Heldigvis veit me at jula er meir enn det me opplever. Jula er det Bibelen seier ho er.

Kommentar

I kommentarspalten gir forskjellige iTro-skribenter deg sine tanker om opplevelser, nyheter, ting de tenker på, eller aktuelle ting som skjer rundt oss.

Ingebjørg Hauge  er 23 år, og studerer teologi.

Dei siste vekene har eg tenkt på og bedt mykje for dei som ikkje gler seg til jul.

Eg tenker ofta  på jula som fredens og kosens høgtid. Me snakkar om at me gler oss til jul. Me kjøper gåver. Me pyntar og bakar. Me drikk julebrus og høyrer på julemusikk. Og det høyrer med. Men eg trur jula heller er kontrastenes høgtid.

Men eg trur me må vera samde om at jula er kontrastenes høgtid

For dei få  dagane som er jul rommer så mykje. Jul kan vera glede, det kan vera sorg. Jul kan vera fellesskap, det kan vera einemd. Jul kan vera gjensynsglede, det kan vera sakn. Jul kan vera oppsummering av eit fint år, det kan vera ein påminnar om at ein ikkje kom dit ein ville i år heller. Jul kan vera familietid, det kan vera familiekrig. Jul kan vera tid til refleksjon, det kan vera altfor god tid til å sitta med dei tankane ein vanlegvis slepp unna.

Eg veit ikkje korleis jula di blir. Du veit det kanskje ikkje sjølv heller heilt enno. Men eg trur me må vera samde om at jula er kontrastenes høgtid.

quot;Den første jula samlar nemleg den villaste kontrasten av dei alle

Heldigvis veit me  at jula er meir enn det me opplever. Jula er det Bibelen seier ho er. Men når me ser etter er ikkje dette mindre kontrastfylt.

Den første jula samlar nemleg den villaste kontrasten av dei alle. I den vesle krybba i Betlehem ligg Gud. Tenk på det: Gud, det flottaste av det flotte og det største av det største – blir ei liten baby, det mest sårbare ein kan finna.

Han er stor, han er liten. Han er heilag Gud, han er menneske. Han er skapar, han er avhengig av dei han har skapt. Han er evig, han er i starten av livet. Han er opphavet til varme, mat og trøyst, han er kald, sulten og redd. Han er den lova kongen, han er så langt frå det ein forventa. Han er verd lovsong for det han har gjort, han har ikkje gjort noko anna i livet enn å bli fødd.

Eg kan ikkje lova deg ei god jul. Men eg kan lova deg ei jul med Jesus.

Bibelen ber oss  ikkje om å stua vekk dei me er eller rydda opp i liva våre før me kan feira jul. Bibelen legg ikkje opp til familieidyll, rikdom og harmoni. I det at Jesus er den han er er det rom for dei me er. Kvar og ein av oss. Han forstår kven me er, for han har kjent på det sjølv. Han låg der i krybba og kjente på julekontrasten, då i den aller første jula.

Og så må det vera sagt: historia stoppar ikkje der. I krybba. Det vesle kontrastbarnet veks opp. Så opplevde han livet med alle opp- og nedturar. Han blei spotta og hylla. Han blei fulgd og forfulgd. Han døydde, han vant over døden. Han var syndfri, han tok syndestraffa. Han for til himmelen, han er her framleis. Fordi han var den han var og gjorde det han gjorde har me håp om trøyst og frelse.

Eg kan ikkje lova deg ei god jul. Men eg kan lova deg ei jul med Jesus.

Foto: J Jackson Photography/flickr.com