Bibelsyn

Bibelsyn

Alle har eit bibelsyn!

Kommentar

Denne kommentaren er skrevet av Knut Kåre Kirkholm. Han eransatt påFjellhaug Internasjonale Høgskolei Oslo, som også driver bloggen «På sporet av sannhet«.

Eit tema som stadig kjem att hjå kristne er spørsmålet om bibelsyn. Og vi kjenner til mange merkelappar som blir brukt i debatten. Eg kan nemna biblisisme, fundamentalisme, bibelkritikk, liberal, konservativ, ortodoks osb. Dette er lada ord og dei vekker mange slags kjensler og illustrerer at bibelsyn er viktig.

Eg er sjølv låst i eit bestemt verdsbilete

Eg vil påstå  at alle har eit bibelsyn og at det alltid er ein viss samanheng mellom bibelsyn og teksttolking. Personleg har eg som grunninnstilling at Bibelen er ein autoritet for trua mi – både liv og lære. Og eg har sjølv opplevd å møta Gud gjennom tekstane i Bibelen. Så trua på Bibelen som Guds ord ligg djupt i meg og eg trur det må eit jordskjelv til for at det skal endra seg.

Samstundes opplev eg gjennom dagleg arbeid med Bibelen at tekstane utfordrar ulike sider ved bibelsynet mitt. Dette gjer at eg heile tida må tenka gjennom ting på nytt. Det eg særleg har oppdaga i seinare år, er kor låst eg sjølv er i eit bestemt verdsbilete. Eg har oppdaga at eg medvite og umedvite stiller ein del krav til tekstane og dei bibelske forfattarane som må vera oppfylte at eg skal kunna akseptera dei som truverdige. Dess meir eg har blitt merksam på ein del av krava mine, dess meir har eg oppdaga kor urimelege dei kan vera.

Stiller kanskje begge urimelege krav til kva spørsmål teksten skal svara på?

Kven har feil?  Bibelen eller verdsbiletet og rammene eg tolkar og les han ut frå? Dei som forstår skapingsforteljinga i ljos av naturvitskapen eller dei som forstår naturvitskap i ljos av skapingsforteljinga? Eller tek begge feil? Stiller kanskje begge urimelege krav til kva spørsmål teksten skal svara på?

Ei liknande sak er utfordringar som oppstår internt i tekstane. I det siste har eg grubla litt på Heb 10,37 sitt sitat frå Hab 2,3. I Hab 2,3 talar Gud til profeten om eit syn som Habakkuk skal få. Dette synet skal snart koma, det skal ikkje dryga. Når vi slår opp i Heb 10,37 og sitatet der, er det ikkje lenger snakk om eit syn som skal koma, men Jesus som skal koma att.

Det handlar både om å lytta til tekstane og vera sjølvkritisk

Det som reint  teknisk har skjedd, er at forfattaren av Hebrearbrevet har lagt til eit ord i teksten han siterer, slik at meininga blir forandra. Dette både lærer oss noko og utfordrar oss.

· Det lærer oss at forfattarane av NT såg GT som oppfylt i Jesus. Han er sentrum i GT og alt peiker mot han.

· Det utfordrar oss fordi det kan sjå ut til at forfattarane av NT har ein ganske fri omgang med GT og ordlyden i tekstane der.

Kva skal eg  tenkja om dette? Korleis påverkar dette bibelsynet mitt? Ser vi her at NTs forfattarar faktisk undergrev GT, eller er det eg som stiller krav til bruken deira av GT som er heilt fjerne frå tolkingsverda dei lev i? For meg er slike spørsmål viktige. Det handlar nemleg både om å lytta til tekstane og vera sjølvkritisk.

Ill.foto:  Ryk Neethling på flickr