Kor godt kan du Bibelen? Test bibelkunnskapen din!

Kor godt kan du Bibelen? Test bibelkunnskapen din!

12 bibelspørsmål – kor mange rette greiar du?

Quiz

Vi i iTro har omsorg for hele deg, og har en overflod av mer eller mindre fornuftige råd og aktiviteter til enhver anledning.

David A. Tørre (29) jobbar som quizforfattar og høyrer til i Storsalen i Oslo. Der arrangerer han «Kaffi og bibelquiz». Under kan du prøve deg på 12 spørsmål derifrå.

Det lettaste kjem først, det vanskelegaste til slutt. Lukke til!

 

Spørsmål

1. Profeten Daniel opplevde fleire mirakel. Til dømes å overleve ei hole med kva slags kattedyr?

2. Kva for noko fargerikt var det Gud sette som symbol på pakta etter storflaumen, om at det aldri skulle komme ein ny storflaum?

3. Kven av Guds tre personar kom ned som ei due over Jesus då han vart døypt?

4. Kor mykje fordømming er det for dei som er i Kristus Jesus, ifølgje Romarbrevet?

5. Er Job rik eller fattig i starten av Jobs bok? Det same gjeld på slutten, men slett ikkje undervegs.

6. Sett levitten, presten og samaritanen i rekkefølgje etter når dei møtte på den mest ihelslegne mannen i likninga «Den miskunnsame samaritanen».

7. Bibelen kom på nordsamisk første gong i 1895. Kva bok heiter her Girji hebrealaččaide?

8. Artisten Ulrikke Brandstorp og ektemannen fekk sitt første barn i 2025. Den vesle sonen er namnebror med mottakaren av den 15. og 16. boka i Det nye testamentet. Kva mottakar?

9. Kva vanleg namn eller tittel på Jesus er ei latinsk form av eit gresk ord som tyder «den som er salva»? Ein må ikkje forveksle svaret med den tilsvarande tittelen frå hebraisk.

10. Er ordet pyramide nemnd i Bibelen (Bibelselskapet 2024)? Me inkluderer bøyingsformer og samansetjingar (som pyramiden og pyramidespel).

11. Føbe er eit viktig døme på at kvinner kunne ha sentrale funksjonar i tidlegkristne kyrkjelyder. Kva yrkestittel vert ho skildra med av Paulus når han tilrår henne (2011, 2024)?

12. Kvar i Bibelen (bok, kapittel og vers) står dette?

«Men han vart såra for våre brot,
knust for våre synder.
Straffa låg på han, vi fekk fred,
ved hans sår vart vi lækte.»

 

Svar

  1. Løver
  2. Bogen (regnbogen)
  3. Den heilage ande
  4. Inga
  5. Rik
  6. Presten, levitten, samaritanen
  7. Brevet til hebrearane
  8. Timoteus
  9. Kristus (Den tilsvarande frå hebraisk er Messias.)
  10. Nei
  11. Diakon
  12. Jesaja 53,5
Lightstock

Quiz

Vi i iTro har omsorg for hele deg, og har en overflod av mer eller mindre fornuftige råd og aktiviteter til enhver anledning.