Kva gjer eg når venen min utnytter meg?

Kva gjer eg når venen min utnytter meg?

Skadelege venskap tek makta over ein og utnytter ein, seier diakon Eilev Eirikstein

Tema

Temaet på iTro i desember er «Venner».

Venskap er noko av det finaste som finnes. Det var venskap Jesus synte til læresveinane og dei han møtte.

Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener. (Joh 15,15)

Det er fint å ha vener, men kanskje like fint at ein overfører venskapens kvalitetar til alle folk ein møter.

Å møte Jesus må ha vore som å møte ein gamal ven, av det slaget som også kan sette ein på plass. «Det kan du ikkje gjere, det er ikkje rett..»

Skadelege venskap

Uvenskap kan vera slitsamt, men er ikkje så farlege som skadelege venskap. Skadelege venskap som tek makta over ein, og gjer ein usjølvstendig.

Anten gjennom manipulering, eller at ein får tak på ein. Til dømes slik somme blir rekruttert inn i rusmiljø, eller lurt til å gjere ting dei ikkje vil på sosiale flater.

Ungdom kan ikkje bli pålagt av vener å halde tett om ting som ikkje er greitt.

Teieplikt er noko som tilsette i ulike bransjar, som helsevesen og kyrkja har. Sett ned i lover og føreskrifter, og helst signert.

Men ungdom kan ikkje bli pålagt av vener å halde tett om ting som ikkje er greitt. Det kan vere trugsmål om å ta livet sitt. Til dømes: «Du må ikkje seie dette til nokon! Lovar du?» Eller ein kan bli tvinga til å halde tett om kriminelle tilhøve.

Utnytting av tillit

Valdtekt, krenkingar og overgrep skjer sjeldan med maktgrep. Det er heller slik at noko bygger tillit, og gjev inntrykk av venskap, og slik flytter ein grenser.

Slike lure-venskap er vanskeleg å avsløre. Men kanskje er magekjensla ein måte å avsløre det på, og spesielt obs bør ein vere om nokon seier at «Dette må du aldri seie til nokon».

Venskap er bygd på tillit. Utan tillit ingen venskap.

Inkluder andre

Presten og filosofen Knud E. Løgstrup seier at det er ein ting menneske ikkje kan klare seg utan. Det er tillit.

Venskap er bygd på tillit. Utan tillit ingen venskap. Då snakkar ein heller makt. Men venskap tvinger ingen, då er venskapen skadeleg.

Jesus var sterk og klar mot folk som ville utnytte andre. Ikkje minst ville han ta vare på dei minste, dei som hadde minst, dei utstøytte og fattigaste.

Venskap tvinger ingen, då er venskapen skadeleg.

Jesus kom som eit lite barn, og fekk sin fyrste identitet som flyktning, difor veit han og det meste om å vera utanfor. Det beste me kan gjere for Jesus er å inkludere menneske. Opne ringen, og seie: Bli med her.

SHVETS production

Tema

Temaet på iTro i desember er «Venner».