Oppheve eller oppfylle lova?

Oppheve eller oppfylle lova?

Motseier ikkje Jesus seg sjølv når han seier at han ikkje skal oppheve lova, men så gjer det likevel?

Spørsmål & svar

Du kan sende inn spørsmål du lurer på til iTro. Enten på mail til iTro@nlm.no, eller ved å fylle ut spørsmålsskjemaet på forsida på iTro.

Ingebjørg Hauge har svart på dette spørsmålet. Hun studerer teologi på Fjellhaug internasjonale Høgskole i Oslo.

Spørsmål

Det er sagt i Matteus 5,17 at Jesus ikkje kom for å oppheve lova. No er det jo greitt at Han i dei neste versa utdjupar nokre av dei slik at ein skjønar at dei gjeld heilt inn til det inste i hjarta. Men so står det i 5,38 at ein ikkje lenger skal følgje det som er sagt om auge for auge og tann for tann. No veit eg ikkje om dette var ei lov? Og det kan hende at det er noko heilt anna i vers 17. Men synes det motseier seg sjølv litt?

Svar

Hei!

Takk for eit spennande spørsmål. Det er bra at du følgjer med når du les i Bibelen og våger å undersøka om ting går opp eller ikkje!

Dei versa du viser til står i Bergpreika som me finn i Matteus 5-7. Her underviser Jesus om det å leva som kristen, både korleis me skal forholda oss til kvarandre og til Gud. Mykje verkar uoppnåeleg. Slik sett er Bergpreika først og fremst noko som viser oss kva standardar me skal strekka oss mot og kva som er Guds gode vilje for oss, og i tillegg understreker ho at me treng Jesus, for dette klarar me ikkje sjølv.

Jesus snur tankene opp/ned

Matt 5,17: «Tro ikke at jeg er kommet for å oppheve loven eller profetene! Jeg er ikke kommet for å oppheve, men for å oppfylle.

Det at me treng Jesus er hovudsaka i vers 17, som du siterer. Jesus seier først «De må ikkje tru at eg er komen for å oppheva lova eller profetane!». Truleg er det andre som har stilt han nettopp det spørsmålet du stiller. Dei har høyrd starten av Bergpreika der Jesus snur opp ned på tankane deira om kva som er rett, og dei har sett at Jesus bryt sabbaten, ikkje fastar osv. Så no treng dei ei forklaring.

Svaret Jesus gir er: «Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla.» Å oppfylla kan forståast på fleire ulike vis. Her er det naturleg å forstå Jesus slik at han meiner både at han skal leva etter lova, oppfylla det profetane har lovt og at han skal gjera Bibelen sin store plan (lova i vid forstand) ferdig og fullkommen, slik at me kan bli frelst sjølv om me ikkje klarer å følgja lova.

Hjartet og sinnelaget betyr noko for Gud

Jesus er ikkje underlagt lova, han er den som lagar ho, lever etter ho og sprengjer grensene for ho. Difor er han fri til å seia at ein del lover ikkje gjeld lengre, for dei var skapt for situasjonar som ikkje lengre er reelle. Samtidig er han fri til å understreka og forsterka dei lovene som viser Guds hensikt og vegleiing. Dette kan han gjera fordi han er Gud.

Som du seier utdjupar Jesus ein del lover i det følgjande, og me sit igjen med inntrykket av at det ikkje berre er det ytre og dei konkrete handlingane våre som tel, men at også hjartet og sinnelaget betyr noko for Gud. Dette er ein fin påminnar for oss som lett fokuserer på det å følgja nokre sentrale, synlege reglar, men som tar lett på det me tenkjer og gjer i det skjulte. Gud ser alt.

Radikal, grensesprengande nestekjærleik

Matt 5,38: «Dere har hørt det er sagt: ‘Øye for øye og tann for tann.’»

I vers 38 kjem han til bodet om auge for auge. Bakgrunnen for dette bodet er i GT, og poenget er ikkje personleg hemn, men at brot skal straffast rettferdig. Målet er eit rettssystem som er rettferdig uavhengig av status, rikdom og kven ein kjenner.

Når Jesus endrar denne lova er ikkje målet å oppheva alt rettssystem eller at me skal godta alt. Poenget er at kristne skal visa radikal, grensesprengande nestekjærleik. Me får alt me treng av Gud, og dermed kan me vera trygge nok til å gi, vera svake, visa audmjukheit og ta ansvar der andre vil setja seg sjølv først.

Ein ny standard prega av kjærleik

Slik behandlar Jesus dette bodet på same vis som dei andre: han tar poenget som låg bak det i utgangspunktet, og gjer det klårare og meir radikalt. Han viser ein ny standard prega av kjærleik, der grunnlova er at me skal elska Gud og elska menneske.

Jesus er det ideelle døme på korleis det ser ut i praksis. Han tok det så langt at han døydde for alle som har skada, såra og svikta han. Fordi han gjorde det gjeld det ikkje liv eller død for oss me klarar å leva etter reglane eller ikkje. Me er fri til å følgja boda fordi me er trygge i at Jesus har sikra oss og at det han ber oss om å gjera er til det beste for oss og dei me har rundt oss.

Lukke til med bibellesinga!

John Olav Selstø

Spørsmål & svar

Du kan sende inn spørsmål du lurer på til iTro. Enten på mail til iTro@nlm.no, eller ved å fylle ut spørsmålsskjemaet på forsida på iTro.

Ingebjørg Hauge har svart på dette spørsmålet. Hun studerer teologi på Fjellhaug internasjonale Høgskole i Oslo.