Kva lyg djevelen om?

Kva lyg djevelen om?

Djevelen er ein luring!

Djevelen er ein  luring. Vi tenkjer ofte at han ikkje har nokon kraft til å påverke liva våre fordi vi føler ikkje at vi merkar så mykje til han. Det er nettopp difor eg seier at han er ein luring, for det han gjer er at han snik seg forsiktig inn i tankane våre, og prøvar å få oss til å tru på noko som ikkje er sant, som er løgn.

Då Adam og  Eva var i Edens hage, lokka Satan dei til å synde ved å argumentere med følgjande setning: «Har Gud verkeleg sagt?». Han fekk dei til å tvile på Guds ord og løfter. I tillegg prøvde han å lure dei til å tru at dei skulle få noko som var veldig bra dersom dei trassa Gud. Og det klarte han, noko som fekk fatale følgjer, og gjer at vi menneske er der vi er i dag: Syndarar som treng ein frelsar.

«Satan er ein dyktig løgnar

Satan er ein  dyktig løgnar, og sidan trikset han brukte i Edens hage tydelegvis funkar gong på gong (eg ser det ofte i mitt eige liv), brukar han det den dag i dag. Han får oss til å tvile på Guds ord, og han får oss til å tru at vi har det betre utan Gud.

Ein av dei  største løgnene djevelen prøvar å lure oss vekk frå Gud med, er å få oss til å tru at det er fornuftig å utsetje å ta imot Jesus. Han vil gjerne at vi heller skal tenkje på det når vi blir gamle, slik at vi kanskje kan gløyme å ta valet undervegs. Dersom det ikkje klarar å lokke oss vekk frå Gud, prøvar han å lure oss til å tru at det ikkje er så viktig kva Gud og Bibelen meiner om ting, slik at vi prøvar å bli herre i eige liv.

«Nåden har gått tom

Dersom det helle r ikkje fungerer, og vi held fram med å leve etter Guds vilje, prøvar han det som eg syns er det sleipaste trikset: Han prøvar å få oss til å tru at Gud ikkje vil tilgje oss når vi ber om tilgjeving. At nåden har gått tom. Og for mange blir dette dessverre eit såkorn for tvil, og i verste fall fråfall.

Du må aldri  gløyme at Satan er ein løgnar. Dersom du kjem med livet ditt til Gud vil han alltid møte deg med kjærleik, og aldri med fordømming. Satan vil at du skal lausrive deg frå Gud, for då blir du automatisk slave under synda, og synda har rett til å dømme deg til døden. Djevelen vil deg med andre ord ingen ting godt. Bibelen seier at han berre vil stele, drepe og øydelegge, men at Jesus kom for at vi skal ha liv og overflod. Ikkje la løgnens far lure deg vekk frå den rikdommen du har i Jesus!

Ill.foto:  © Elwynn – Fotolia.com