Jesus greip inn i livet mitt og fylde meg med det eg mangla, og i tillegg knuste han lenkene som holdt meg bunden til fortida mi

Jesus greip inn i livet mitt og fylde meg med det eg mangla, og i tillegg knuste han lenkene som holdt meg bunden til fortida mi

Mitt viktigaste tips til alle der ute; sett av tid til å lese i Bibelen og be.

Mitt Vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.

Eg er oppvokst i ein kristen heim, og det har eg alltid vore takksam for. Barnetrua var likevel ikkje meir enn ein oppvekst for meg, sjølv om eg ba og høyrde på lovsong var det aldri noko levande. 

I 2014 starta eg på Tryggheim Ungdomsskule, og der fekk eg mange kristne vener, men trua var fortsatt ei barnetru.

Året eg gjekk i tiande klasse gjekk eg gjennom eit tungt brudd med ein kjærast, og alt verka meiningslaust. Eg grein ut alle følelsane mine, og etter to dager stoppa sorga, men eg kjente meg følelseslaus. 

Eg klarte ikkje å føle noko som helst – ingen lukke, glede eller sorg. 

Alt blei kjedeleg, og eg starta å søke spenning i feil miljø. Eit miljø prega av røyk, alkohol og hasj. 

Når eg ser tilbake på denne tida klarer eg ikkje å slutte å tenke på Forkynnaren 12. Her snakker forfatteren om å tenke på sin skaper mens ein er ung, for det er akkurat då det er lettest å falle i frå trua.  

Heldigvis blei det oppdaga, og eg kom meg bort frå dette miljøet, med god hjelp fra foreldra mine og bror min. 

Men det satt fortsatt ein tomhetsfølelse i meg. Uansett kor mykje spenning eg prøvde å få tak i, tomheten blei aldri metta. 

Ny start

I 2017 starta eg på Lundeneset VGS, Her kjente eg berre nokre få andre, inkludert bror min som gjekk året over meg, og her fekk eg ein ny start.

Eg fekk leve livet som kristen, men tomheten inni meg var fortsatt ikkje borte. Eg følte meg ikkje heil, som om eg mangla noko og at ein del av meg var borte. Eg hadde også ein anger over det eg hadde gjort tidlegare, og det kjentes som om fortida mi hang over meg og eg ikkje klarte å sjå bort.  

I slutten av 2017 fekk eg høyre om noko eg ikkje hadde høyrt om før, Impuls, som skulle skje i Stavanger. Eg blei invitert av dei nye venene mine på Lundeneset, og eg tenkte at det kunne eg nok reise på, og det valget har eg aldri angra på. 

Eit overnaturlig møte med Gud

Eg hugsar det som om det var i går, morgenmøte Lørdag 27.Januar 2018. Eg satt på golvet under møte og ba til Gud om at han skulle gripe inn i livet mitt og at eg skulle få følelsane mine tilbake.

Etter morgenmøtet tenkte eg ikkje så mykje på denne bønna og gjekk vidare med dagen. 

Det var tid for seminar og det var ein taler frå England, Mike Pilavachi som skulle snakke om å høyre Guds stemme. Etter seminaret satt alle på bakken i nokre minutt og Mike inviterte Den Heilage Ande til å fylle rommet, og han sa at viss nokon følte noko skje kunne dei reise seg opp. 

Eg satt der med auga igjen og plutseleg reiste eg meg utan at eg merka det, det var som om  to hender greip meg i hendene og eg følte ein kriblande, boblande ubeskriveleg følelse stømme opp gjennom armane mine og inn til bryste mitt. 

Eg forsto ingen ting og opna auga for å sjå om det var nokon som holdt meg, men det var ingen som gjorde det. 

Plutseleg starta eg å riste, grine og le. Eg kjente følelsane eg ikkje hadde kjent på lenge. Dette var overveldande og eg forsto ingen ting, det var som nokon sto og greip meg i hendene men det var jo ingen der. 

Eg blei ført til forbønn etterpå, der to stykk ba for meg, og dei starta og fortelle meg ting eg ikkje hadde fortalt nokon om meg sjølve før. Dei fekk også begge eit syn kvar av Gud. 

Den eine fekk eit syn som lød noko som dette ” Eg ser to delar som Jesus binner saman til ein del.” Det var akkurat slik eg følte meg, eg følte at eg mangla følelsane mine og at det var den delen som mangla i livet mitt. 

Den andre fekk også eit syn av Gud som lød noko som dette, ” Eg ser nokre lenker som Jesus kutter i to ” og det traff meg, fordi eg alltid såg tilbake på fortida mi å følte meg bundet til den å angra den. Jesus kutta dei lenkene og ville at eg skulle sjå framover og ikkje bakover lenger. 

Under heile forbønna følte eg berre denne fossande følelsen fylle meg, og etterkvart forsto eg kva som skjedde. 

Gud svara på bønna eg ba den morgonen på møtet! Jesus greip inn i livet mitt og fylde meg med det eg mangla, og i tillegg til det knuste han lenkene som holdt meg bunden til fortida mi. 

Alt blei så overveldande og i det eg tok i mot Jesus som min frelser og redningsmann, følte eg den strømande følelsen dekke heile kroppen min, som ein person steg inn i meg. Etter dette begynte eg å høyre på kva som skjedde rund meg å eg høyrte at rundt meg spelte dei favorittlovsongen min ”No Longer Slaves,” og eg falt til bakken og kunne ikkje anna enn å tilbe Gud. 

Det viktigaste tipset

Det var mitt konkrete møte med Jesus og det har forandra live mitt heilt. 

Eg går no i tredje klasse på Lundeneset Vgs og vil vie livet mitt til Jesus og bli ein pastor i framtida. 

Eg har nå levd litt over eit år som frelst, og mitt viktigaste tips til alle der ute er: sett av tid til å lese i Bibelen og be.

Leser du ikkje i Bibelen vil du ikkje få nye openbaringar frå Gud, og ber du ikkje vil du ikkje kjenne Guds utrulige kjærleik og det privilegium vi kristne har som får ta del i samtale med den heilage Gud. 

Når eg kallar på deg, viser du deg
Når eg trenger deg, styrkar du meg
Når eg overser deg, er du der
Når eg misslades, bankar du på
Når eg ikkje elska deg, elska du meg
Når eg spør deg, svarar du meg
Takk min Herre og min Gud! Din kjærleik er større en alt. 

Privat

Mitt Vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.