Ikkje alle er velkomne

Ikkje alle er velkomne

Jonas Hoffmann stiller spørsmål om hvordan vi møter folk som ikke er «gira nok».

Livet

Livet er en artikkelserie hvor vi tar opp forskjellige temaer som kan være aktuelle i dagliglivet til iTros lesere.

I mange kristne settingar må alle vere så gira heile tida. Eg synest det ofte blir stilt eit krav til at du må være gira for å være til stades. Min meining er ikkje at vi må forandre noko av det vi gjer i lag, men at det skal være lov å komme og ikkje være gira.

Underhaldning treffer folk ulikt

Eg er sjølv ein ekstrovert person. Eg kan være supergira på mykje, men det er spesielt ein ting eg ikkje er så gira på. Det er «Grip mikrofonen».

Det er eit supert arrangement, og eg synest det er veldig underhaldande. Sjølv om eg ikkje har lyst til å delta, kjem eg gjerne for å sjå på.

Kva er det?

Mange veit nok kva grip mikrofonen er, men for dei som ikkje veit kva det er, så kjem det no ein beskriving av korleis det kan sjå ut.

Eg kom berre for å sjå på, men plutseleg skal heile laget presse meg til å delta

Det blir ofte arrangert som ein konkurranse mellom to grupper. Ein song blir spelt av, og då er det førstemann til å springe opp på scena og gripe mikrofonen. Så skal han synge songen, og om han kan han, får laget poeng.

Press

Det er òg ofte eit dommarpanel som skal være ein del av underhaldninga. Dommarpanelet brukar ofte å prøve å få liv i salen, og kan då komme med for eksempel eit utsegn som dette:

«Det blir lønt med poeng om heile gruppa er med og syng/dansar.» Det er eit uskyldig utsegn i seg sjølv, men eigentleg ikkje.

Som sagt, så kjem eg gjerne for å sjå på. Då er dette utsegnet det verste eg veit.

Eg kom berre for å sjå på, men plutseleg skal heile laget presse meg til å delta, for dei vil ha poeng. Då går eg gjerne.

Eg er ikkje velkommen

Dette er eit av dei tilfella eg opplever at eg ikkje er velkommen, om eg ikkje er gira. Eg har nettopp vore miljøarbeidar på Sygna vgs, og der har eg sett at dette gjeld fleire enn meg. Folk eg har prata med seier det same. Og andre opplever sikkert det same i liknande settingar.

Mitt ønske er at det skal bli meir akseptert å være til stades utan å delta. Husk at sjølv om ein ikkje er oppe på scena og dansar, skriker i mikrofonen eller mimar dei tre bukkane bruse, så kan ein ha det kjekt for det.

Livet

Livet er en artikkelserie hvor vi tar opp forskjellige temaer som kan være aktuelle i dagliglivet til iTros lesere.