
– Det er godt å ha ein plass der eg kan bruka tida på å sjå andre
Ein gong var han sjølv deltakar – no er han leiar. Bibelskoleelev Andreas Angeltveit har oppdaga gleda ved å tena andre.
Når eg var liten, var eg ofte med på ulike aktivitetar i kyrkja. I dag set eg stor pris på alle leiarane og det eg fekk vera med på.
I år, som elev på Fjellheim Bibelskole, har eg sjølv fått lov til å vera med og bidra med aktivitetar for barn. Saman med to andre elevar har eg fått lov til å vera leiar på Allidrett for 5.–7. klasse.
Dette går ut på at vi har ei aktivitetsstund med leik og moro, i tillegg til at vi leiarar held ei andakt og ordnar litt frukt. Dette har vekt ei ny interesse i meg, som eg har lyst til å dela.
Gjennom tenesta har eg fått moglegheit til å veksa
Fokuset på nokon andre
I mitt tilfelle har det vore godt å ha eit fast tidspunkt sett av til Allidrett. Det har gjort det enklare å bruke litt av tida mi på andre. Kvardagen kan fort bli travel, og då kan eg lett venda mykje av fokuset innover – på meg sjølv og alt eg skulle ha gjort.
Eg har merka at det er godt å ha ein plass der eg kan bruka tida på å sjå andre.
Med Jesus som eksempel
Viss vi ser på kva Jesus gjorde, så gjekk han heile tida rundt med eit tenarsinn – han helbreda, ba for andre, vaska føter og forkynte. Her trur eg vi har noko å læra. Han har satt eit døme for oss, som han seier i Johannes 13,15:
Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera
Det å leve opp til Jesus sitt eksempel er vanskeleg, og det er ingenting vi klarer på eigenhand. Vi er nøydde til å be om hjelp frå meisteren, og til og med då er vi ikkje perfekte – men det handlar om å strekka oss etter det gode og vera der for andre.
Ein plass du kan vekse som person
Eg synast det kan vera vanskeleg å dela trua der eg er, men på Allidrett har eg moglegheit til å vitne om Jesus for unge som treng å høyra om han. Noko som var veldig utfordrande i starten, har no blitt meir og meir naturleg for meg.
Ofte treng eg ikkje gjera så mykje – berre det å stilla opp og vera eit førebilete for barna betyr enormt mykje for dei.
Det har lært meg mykje, både om meg sjølv og om å bruka tida på andre. Gjennom tenesta har eg fått moglegheit til å veksa i rolla som leiar og i trua.
Eg vil oppfordre fleire til å finne seg ei teneste, der dei kan gje av seg sjølve, og kanskje oppdaga ei ny interesse og eit kall dei ikkje visste dei hadde. Når vi ser på Jesus sitt eksempel, kan vi forstå at det å tjena andre både styrkjer oss og hjelper oss å leva nær han. Det handlar ikkje om å vera perfekt, men om å strekka seg etter det gode.