– Om livet vårt på jorda kan føre til at vi sjølv og andre kjem til himmelen, vil det vere det mest verdifulle vi kan gjere

– Om livet vårt på jorda kan føre til at vi sjølv og andre kjem til himmelen, vil det vere det mest verdifulle vi kan gjere

Samuel Andreas Fiskerstrand (17) minnar oss om å løfta blikket i kvardagen.

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.

To bibelvers som har betydd mykje for meg den siste tida er 2. Kor 4, 17 og 18. Der står det:

«Dei trengslane vi no må bera, er lette, og dei skapar for oss ein herlegdom som veg utruleg mykje meir. Vi har ikkje det synlege for auga, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig.» (2 Kor 4,17-18)

Ævesperspektiv

Paulus skriv her til forsamlinga i Korint om kva som gir oss kristne mot til å halde oss sterke i trua. Han minner oss på å sjå forbi dei umiddelbare utfordringane og trengslane i livet, og peikar mot på den store og evige herlegdomen som ventar oss i Guds rike.

Dette oppmodar oss til å ha eit perspektiv som går over det som er synleg her og no. For meg betyr dette at livet på jorda er ubetydeleg, samstundes som det betyr alt.

Dei gledene vi får oppleve i dette livet kan vere store, men bleiknar heilt i forhold til det vi er lova i evigheita.

Samanlikna med evigheita, er tida vår jorda berre ein liten prikk. Likevel legg det grunnlaget for kva som skjer med oss etterpå, og om livet vårt på jorda kan føre til at vi sjølv og andre kjem til himmelen, vil det vere det mest verdifulle vi kan gjere.

– Kvifor har vi då ofte vår eiga lukke fremst i tankane?

Dei gledene vi får oppleve i dette livet kan vere store, men bleiknar heilt i forhold til det vi er lova i evigheita. Kvifor har vi då ofte vår eiga lukke fremst i tankane?

Eg trur at det perspektivet på livet Paulus ynskjer vi skal ha, ikkje er noko ein får lett. Det å ha det usynlege for tankane framfor det ein ser kvar einaste dag, er ikkje noko ein berre kan bestemme seg for. Men gjennom å bruke mykje tid med Gud vil dette perspektivet få betre og betre tak, og det vil kunne påverke fleire av vala vi tek i kvardagen.

Gud har ikkje lova menneska eit lett liv, men han har lova oss å stå saman med oss i det.

Planen Gud har lagt for kvar enkelt kan vere vanskeleg både å finne og fylje. Men som Paulus skriv: «Dei trengslene vi no må bera er lette, og dei skapar for oss ein evig herlegdom som veg utruleg mykje meir».

Gud er med oss

Gud har ikkje lova menneska eit lett liv, men han har lova oss å stå saman med oss i det. Paulus understrekar at våre lidingar ikkje er meiningslause, men at dei har ei hensikt og eit føremål.

Dette gir oss håp midt i prøvelsane, ved å minne oss på at lidinga ikkje er permanent, og at det som ventar oss i himmelen er uendeleg mykje større.

2. Kor 4, 17 og 18 har betydd mykje for meg og perspektivet mitt på livet. Å lese desse versa minner meg på at alle mine problem og utfordringar er små i forhold til skatten eg får. Når vi går gjennom livet med Herren vert alt overkommeleg, og vi skal få vår løn i himmelen.

Privat

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.