Amen
Kva betyr Amen? Helsing Mathias
Hei Mathias!
Takk for flott spørsmål! Det er nok mange av oss som seier dette ordet utan å eigentleg tenkje over kva det betyr. Her kjem litt fakta:
Ordet ”amen” er hebraisk, og tyder ”det står fast”. ”Amen” kan òg oversetjast med sikkert, sant, varig og påliteleg. Det kan òg tyde ”lat det skje”, det vil seie, ”lat Guds vilje skje””Amen” kan òg oversetjast med sikkert, sant, varig og påliteleg.
Her er altså mykje flott å tenkje over neste gong ein ber Fadervår eller ei anna bøn, og avsluttar med ”amen”; ”Det står fast!”
Hald fram med å fundere over andre ord, kanskje du finn fleire skattar?!
Ill. foto: Oberazzi on flickr.com