– Å bruke tid med Gud er noko av det viktigaste i trua

– Å bruke tid med Gud er noko av det viktigaste i trua

I dagens andakt deler Josefine (18) kor ho møter Gud i kvardagen.

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.

Eg har vore kristen heile livet. Oppvaksen i ein kristen familie, var misjonærbarn og hatt relativt god opplæring i trua.

Sjølv om kristendommen har vore ein normal ting i familien, er det berre dei siste åra eg har skjønt kva det inneber.

Då eg var konfirmant blei eg introdusert for kristne ungdomsleirar og spesielt Impuls. Der fekk eg sjå ei heilt anna side av kva det vil sei å vere kristen, og høyre kule songar som ikkje berre var salmar.

Etter dette begynte eg på Vestborg VGS på Stranda.

Familie

Eg har vakse opp i ein kristen familie. Gjennom dette, har eg vakse opp med ein veldig trygg og god familie med gode verdiar. Dette har gjort at eg har følgt i spora deira.

Lovsong

Lovsong har spelt ei stor rolle inn i forholdet mitt med Gud. Lovsong for meg er ei slags bønn der eg kan få sagt mykje utan å måtte presse det ut og grave.

Det gjer det lett å få sagt det som er tungt å sei.

Det å vite at eg kan legge alt det vanskelege over på han og kome til han i bønn er viktig.

Lovsong er noko som kan vere så sterkt, og spesielt blant mange, på for eksempel leirar. Gjennom lovsong kan ein sjå andre si tru og utbreidde di eiga.

Å prise Gud er noko av det finaste som finst!

Hallelujah! Det er godt å spela for vår Gud, det er herleg, det er rett å syngja lovsong. (Salme 147,1)

Støtte

Gjennom livet går det veldig mykje i toppar og dalar. Nokre gongar kan dette vere ekstra vanskeleg, noko som eg trur alle veit korleis er.

Når det er på det mørkaste, er det fint å vite at det er ein i livet som er stabil og som du kan lene deg på.

Dette har vore viktig for meg gjennom livet, spesielt dei siste åra. Det å vite at eg kan legge alt det vanskelege over på han og kome til han i bønn er viktig. Det står i Jes 41,10:

Frykt ikkje, for eg er med deg, ver ikkje redd, for eg er din Gud! Eg gjer deg sterk og hjelper deg og held deg oppe med mi rettferds høgre hand. (Jes 41,10)

Bønnesvar og takk

Eg har opplevd at å fokusere på det som er positivt i livet er viktig for korleis ein ser på verda og for livskvaliteten. Om ein går rundt og fokuserar berre på det negative, blir det berre mørkt.

Sjå på det positive i livet og leit etter bønnesvar frå Gud! Tenk på ting du ba for for mange år sidan og sjå deg rundt i livet. Har du fått svar på noko av dette?

Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. (Fil 4,6)

Tid med Gud

Bruk tid med Gud! Les i Bibelen og be. Opplev hans ord og hans nærvær.

Å bruke tid med Gud er noko av det viktigaste i trua. Om du ikkje brukar tid med han og hans ord, korleis skal du da vite kva du skal  tru og fortelje andre om dei óg vil tru?

Det å ha kunnskap om han og ha ei personleg tru med han er viktig.

Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. (Matt 28,19)

Privat

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.