Kvardagskristen
Kvardagskristen vil eg vera,
syn for segn det krev Guds ord.
Samklang mellom liv og læra,
det er himmelsong på jord.
Som den djupe ord kan greia
spegla himlen høg og blå,
Skal ein Kvardagskristen spreia
festglans kring det kvardagsgrå.
Kvardagskristen, døypt til yrke,
Fødd til kjærleik, skapt av Gud,
Vigslar heim og hall til kyrkje,
Kjøkenkrå og handelsbu.
Mynt og vara for Guds stempel,
Fals og fusk på døri må.
Altarljoset i Guds tempel
Festglans gjev det kvardagsgrå.
Kvardagskristen vil eg vera,
Syn for segn det krev Guds ord.
Samklang mellom liv og læra,
Det er himmelsong på jord.
Og når så min kvardagsbunad
Skal for himlen ski ast om,
Strålar bjart kring livsens kruna
Festglans i Guds herlegdom.
