5 på UL: Stemningsrapport frå festivalen
iTro har spurt korleis Amanda Amalie, Magnus, Bjarte, Magdalena og Emma har det på UL.
UL 2026 er i gang og me skjekker stemninga med å stille fem av deltakarane på UL nokre spørsmål.
Amanda Amalie Lind (16)
Frå: Sogndal
Funfact: Eg var i puljen med dei fyrste ungane som fekk corona i Vestland og deler av Noreg.
– Har du vore på UL før?
– Ja! Dette er andre gongen.
– Kva er dine tankar om årets tema «Forandret»?
– Eg synest det er veldig viktig, og det er blitt litt tabu gjerna, så det er veldig fint. Og møta er bra!
– Kva er ditt favorittminne/-høgdepunkt frå UL i år eller tidlegare år?
– Å snakke med folk ein ikkje kjenner frå før og å gjerne få gode, kristne samtalar.
– Kva er det kjekkaste med å vera på UL?
– Å sjå folk igjen og aktivitetane.
– Kva er din «go to» samtalestartar?
– Kanskje å gi folk eit kompliment, fordi folk opnar seg ofte meir opp når dei er glad.
Se UL-møtene direkte: ULs YouTube-kanal.
Magnus Starheimsæter (16)
Frå: Ålesund
Funfact: Eg elske å få adrenalinkick.
– Har du vore på UL før?
– Ja, det har eg. Eg var i fjor óg.
– Kva er dine tankar om årets tema «Forandret»?
– Ja, det er jo noko som treff meg litt nært da. Fordi alle kristne har jo hatt ein gong der dei har blitt forandra og ofte fått nytt liv då!
– Kva er ditt favorittminne/-høgdepunkt frå UL i år eller tidlegare år?
– I fjor, siste natta! Da døgna vi. Da var vi ein heil gjeng, også var vi nede i sentrum i Stavanger og song lovsong. Veldig kjekt!
– Kva er det kjekkaste med å vera på UL?
– Møte nye folk og det kristne fellesskapet.
– Kva er din «go to» samtalestartar?
– Har du møtt vennen min __
Bjarte Halsne Sunde (16)
Frå: Kleppe
Funfact: Eg har greid å ha meir gipsar enn eg har knokke bein. Eg knuste fyrste gipsen min på trampoline når eg hadde brukket fot.
– Har du vore på UL før?
– Ja, eg var i fjor.
– Kva er dine tankar om årets tema «Forandret»?
– Nei, forandra. Det er jo ganske kjekt tema eigentleg fordi der kan ein snakka meir med folk som er lik som deg i tanken på koss alle blei forandra med sosiale media og korleis verden sitt samfunn skifte seg.
– Kva er ditt favorittminne/-høgdepunkt frå UL i år eller tidlegare år?
–Det var i fjor når meg og kompisen min berre gjekk rundt og satt oss ned med mange randome på bord og berre begynte å yappa (snakka) med absolutt alle folka.
– Kva er det kjekkaste med å vera på UL?
– Det kjekkaste er jo å møta nye folk.
– Kva er din «go to» samtalestartar?
– Det er enten «ah hei, koss går det?» eller berre «hei, kva heiter du?»
Magdalena Stevik (17)
Frå: Nærøysund
Funfact: Eg synest påskekrim er veldig skummelt.
– Har du vore på UL før?
– Nei, eg har aldri vore på UL før.
– Kva er dine tankar om årets tema «Forandret»?
– Det høyrtest veldig bra ut og ja, det er vel sikkert mange som blir forandra her på UL, og som får forandra truslivet sitt.
– Kva er ditt favorittminne/-høgdepunkt frå UL i år eller tidlegare år?
– Å få treffe igjen trusførebilete. Folk eg har sett opp til i trua som kjem hit og er førebilete for fleire.
– Kva er det kjekkaste med å vera på UL?
– Vera med vennar, få nye vennar, bli kjend med folk, tulle mykje rundt.
– Kva er din «go to» samtalestartar?
– Hei, kva heiter du, kor kjem du frå? – også tek vi det berre derifrå.
Emma Tungland (17)
Frå: Jørpeland
Funfact: Favorittserien min er «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
– Har du vore på UL før?
– Ja, eg har vore dei to siste åra, også dette.
– Kva er dine tankar om årets tema «Forandret»?
– Eg synest det er ganske bra. Det var UL som forandra mitt trusliv, så det er litt gøy. Også er det jo veldig relevant, trur eg.
– Kva er ditt favorittminne/-høgdepunkt frå UL i år eller tidlegare år?
– I år så er det kanskje det å treffe folk igjen.
– Kva er det kjekkaste med å vera på UL?
– Det er jo det å treffa folk og bli kjent med nye. Men så synest eg og møta er veldig gøye og Silent Disco er skikkeleg gøy.
– Kva er din «go to» samtalestartar?
– Det blir jo fort hei og kor er du frå. Også er eg veldig glad i å spør kor går du på skule.


