10 tips til deg som er ny i byen

10 tips til deg som er ny i byen

Kjenner du deg framand og utilpass? Dette kan hjelpe på.

Tema

Tema for iTro i august er «Avhengig».

Ny i byen? Så spennande! Eg har gjort meg opp nokre erfaringar om korleis ein kan finna seg fort til rette i ny by. Etter desse 10 tipsa håpar eg du vil kjenna deg meir utrusta og klar for bylivet:

1 Hels på naboane dine!

Få ting er betre enn eit godt og avslappa naboforhold. Ring på og sei «hei». Då blir dei glade. Dette er potensielle vener og sysken i Kristus. Inviter dei gjerne på middag òg om du vil. Alle må jo ha mat uansett.

2 Kjøp sykkel

Det er «byens bil». Spraymal sykkelen stygg, slik at ingen er interessert i å stela den. Og hugs at hjelm og hjelmsveis er kult.

3 Få oversikt over byen!

Det er mange måtar å drive sightseeing på. Finn din eigen sightseeing-stil og køyr den fullt ut! For ekstra krydder kan du spørje naboen med som guide.

4 Finn ein menighet – og sett dato for menighetsval

Det finst ofte fleire solide menigheter i ein by, så bruk gjerne litt tid på menighetsshopping. I menigheta vil du få livsviktig påfyll i eit trygt fellesskap. Fellesskapet består av dine potensielle vener som du kan lesa i Bibelen og be saman med, uansett alder.

Om det finst mange kjekke menigheter i byen, vil eg oppmuntra deg til likevel å velga ein hovudmenighet å gå i. Sett ein dato i oktober for dette valget. Det er godt å kjenna at ein høyrer til ein stad. Her kan du bruka dei verdifulle nådegåvene Gud har gitt deg i ei teneste. Det er fint å vera ein del av noko større.

5 Last ned mattilbod-appen

Dette blir favoritt-appen din.

6 Gå på kafé-jakt og finn din perfekte kafé!

Her kan du og din neste studera eller drøsa saman med ein superfanzy kaffikopp innan rekkevidde.

7 Engasjer deg i det du brenn for

Kva er viktig for deg? At medstudentane dine skal få høyra om Jesus? Hiv deg med i Laget sitt arbeid på universitetet. Vil du at menigheten skal få ein større iver for Jesus? Spring bort til menighetsleiaren og slå av ein prat om det! Ved å engasjera deg vil du bli kjent med andre som brenn for det same som deg.

8 Få deg ein sær hobby

Byen bugnar av tilbod! Nå er tida komen for å prøva ut kva for nokre skjulte talent du har.

9 Finn utmarka

Eller ein park. Her kan du slappe av og reinse lungene for eksos. Du kan for eksempel ta ein tur på din nymalte sykkel og med Bibelen i sekken, eller til fots med ein podcast frå UL i øyrene.

10 Lær deg kollektivtransportkartet

Pugg bussane, trikkane og T-banane som fører deg til universitetet, menighet og utmarka. Det vil spara deg for uønska sightseeing-turar utover hausten.

Følger du desse tipsa, vil dei første månadane gå som ein leik!

Lukke til!

Tema

Tema for iTro i august er «Avhengig».